Hopp til innhold

Bli med MS «Atløy» på fjordaferd

Med pensjonistar som mannskap legg veteranbåten MS «Atløy» frå 1931 kvart år ut på fjordaferd langs Vestlands-kysten. Bli med på tur langs Sognefjorden.

NRK Sogn og Fjordane var om bord då veteranbåten i september i fjor la ut på fjordaferd i Sogn. Resultatet kan du sjå i kortdokumentar-serien Glimt av Norge på NRK1.

  • NETT-TV: Sjå dokumentaren nedst i denne artikkelen

TV-reportasje vart dokumentar

Vidar Gudvangen

PROGRAMANSVARLEG: Vidar Gudvangen er til dagleg reporter ved NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

– Vi var i utgangspunktet om bord i «Atløy» for å laga ein reportasje til Vestlandsrevyen. Det gjorde vi også, men vi fann ut at vi sat på så mykje flotte bilete at fjordaferda fortente eit større publikum, fortel programansvarleg Vidar Gudvangen.

NRK tente på ideen og fotograf og reporter og gjekk om bord att i «Atløy» i Ytre Sogn. Det har resultert ein kortdokumentar der ein møter båt, mannskap og ikkje minst folket langs kaiane.

– Det var på mange måtar ein reisedokumentar. Vi er på tur i vakker Vestlandsnatur i skiftande haustvær. Frå solskinn og blå himmel til regn og stiv kuling, fortel Gudvangen, og legg til:

– Ikkje minst ønskte vi å formidle gleda mange, særleg dei litt opp i åra, stråler ut i møte med denne gamle skuta. Fjordbåtane, som tidlegare Fylkesbaatane sin «Atløy», var viktige bindeledd langs kysten og innover i fjordane. Berre nokre få slike båtar er att i god stand.

Dugnadsanda om bord

Dokumentaren byr også på møte med mannskapet om bord i «Atløy». Alle, med unntak av éin, er i dag pensjonistar. Dei jobbar dugnad om bord, utan løn.

MS "Atløy" på fjordaferd

FOTOGRAF: Arne Stubhaug står bak foto og redigering når NRK1 viser Glimt av Noreg – På fjordaferd.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Spørsmålet er kva som skjer når pensjonistane som i dag lever og andar for denne skuta, er borte. Står nye klare til å ta over. Vil neste generasjon ha same forhold til desse båtane, og vil dei orke å jobbe gratis nærast dag og natt. Dagens mannskap tvilar på om nokon vil ta over, seier Gudvangen.

På fjordaferd tek deg med på tur til veglause Frønningen, Sandnes like ved Fodnes, Solvorn i Luster, Fureneset i Gulen, overfarten over Sognesjøen, Yrøygrend og Hardbakke i Solund.

Programmet er produsert i to utgåver, NRK1 viste i tysdag kveld versjonen på ni minutt. Ein lengre 14-minuttsversjon vil bli sendt ved seinare høve. Her vert det også landligge på Mjømna i Gulen.

For ein generasjon eller to sidan var det dei små fjordabåtane som batt saman samfunna langs norskekysten. No er nesten alle båtane borte, men minna om "dampen" lever enno.

SJÅ DOKUMENTAREN: Glimt av Norge - På fjordaferd