Bles Nina godt hjå deg i går? Dei på havet fekk det verre...

Ekstremvêret tok godt langs kysten på Vestlandet og Sørlandet. På si brutale ferd måtte uveret Nina forbi oljearbeidarane ute i havet.

Ian James Cassells

STORE KREFTER: Ekstremvêret Nina fauk forbi plattformene med enorm kraft. Rutinerte Ian James Cassells har ikkje opplevd liknande på 20 år.

Foto: Hege Dahle Meland / Dagfinn Rørvik

– Ein kompis sa «dette var friskt», ler Ian James Cassells på telefon frå Troll A, verdas største flyttbare menneskeskapte konstruksjon.

– Det var meir enn friskt. Det er naturfenomen av dei sjeldne å oppleve slikt, konstaterer den rutinerte offshorearbeidaren

På det sterkaste bles vinden rundt 50 meter i sekundet. På bilete øvst ser ein eit gjennomsnitt på 40 meter i sekundet. Grensa for orkan er 32,6 meter i sekundet.

Fekk forbod mot å gå ut

Då dei var på veg frå eit møte på plattforma rundt klokka 15, gjekk dei dels i le for vinden. Likevel tok Nina kraftig tal.

– Då må du vere forsiktig, du må legge heile skrotten fram i vinden.

Ikkje lenge etter vart det forbod mot å bevege seg ute, seier Cassells, som held til i Florø til vanleg. Denne kvelden kunne han sitte i kontrollrommet å sjå på dei enorme kreftene ute i Nordsjøen.

– Det var veldig vind. Veldig. Medarbeidarar frå Sverige som ikkje har vore så mykje offshore tykte det var, seier Cassells, og tenkjer seg om før han finn dei riktige orda:

– Veldig spanande.

Hundreårsbølga var verre

Nina er forbi. Slik det ofte er med naturkreftene, kunne dagen etter knapt vore ein større kontrast.

– I dag har det vore heilt utruleg fint hav og flott sol i vest. Vi såg Veslefrikk og Oseberg. Havet har gitt seg, seier Cassells.

– Har du opplevd verre enn Nina?

– Å, ja. På Gullfaks C, der eg starta offshore i 1991. Tidleg på 90-talet hadde vi ein storm med 100 knops vind. Då var det hundreårsbølge på 30 meter. På natta var det oppe i 140 knop (rundt 70 meter i sekundet), men då forsvann vindmålaren, ler han.

Plattformene er bygd for å tole titusenårsbølga, og dei følte seg aldri utrygge, presiserer Cassells. Det vart store øydeleggingar den gongen på 90-talet. Utruleg nok greidde ikkje Nina å gjere skade.

– Det var veldig lite. Nokre flerra presenningar, men ingen skade på utstyr. Vi sikra ting med stroppar heile dagen. Ei plattform er eit stort vindfang, så eg er imponert over kor lite skader det vart.