– Vi møttest ved fontena i Sogndal, så blei vi enda betre kjend då vi var på trampolinen her i parken, fortel Thomas Aleksander Riksvold Horge frå Kaupanger.
Han er åtte og eit halvt år medan Liam Unneland frå Bergen er seks. Dei sit øvst i klatrestativet i parken og trass solsteika leikar dei no at klatrestativet er eit lavaslott med dinosaurar. Dei er begge samde om at det er herleg at sola endeleg er komen.
– Eg likar ikkje så godt regn. Det har vore altfor masse regn. Eg likar best sol, for då kan eg sole meg og arbeide ute, fortel Thomas.
– Når det er fint vêr kan vi bade og vere ute og gå i berre trusa, fortel Liam.
Så brun som eg berre kan
Det er ikkje berre gutane som klatrar. Temperaturane har klatra oppover gradestokken denne onsdagen og heile fylket kan kose seg i etterlengta solskin.
– Eg har planar om å bli så brun som eg berre kan eg no, fortel Thomas.
I parken i Sogndal sentrum har små og store inntatt leikeapparat, benkar og grasflekkar. Nokre et is, andre hoppar på trampoline eller kjølar seg ned ved å springe gjennom vasstrålane i fontena. Med andre ord sommardagen nyt innbyggjarane til det fulle.
Sigrid og Vidar Hovland er også blant dei som har teke turen til parken i Sogndal i dag. Med seg har dei tanteungen Vilde som fyller fire år på søndag. Dei har alt fått i seg is i varmen.
– Endeleg. Vi må nyte finvêret medan vi kan. No vert det late dagar i parken og mykje is, fortel Sigrid Hovland.