NRK Meny
Normal

Jaga vekk av sinte grunneigarar då dei ville overnatte ved populære Grotlesanden

Ordføraren i Bremanger er lei seg, og gjester kjenner seg vekkjaga frå Grotlesanden. Nina Sofie Gjelsvik og dottera opplevde seg utskjelt på ein ufin måte då ho ville telte ved den vakre sandstranda.

Nina Sofie Gjelsvik

FØLTE SEG UØNSKA: Nina Sofie Gjelsvik tykte ikkje noko om måten ho blei møtt på då dei kom til Grotlesanden.

Foto: privat / arkiv / NRK

Teltlivet rundt Grotlesanden i Bremanger er prega av kaos og lite oversikt for enkelte som ikkje veit kor dei kan gjere av seg. For Nina og dottera blei turen til den vakre sandstranda i Bremanger ei skrekkoppleving.

Eg forstår at det har vore masse konflikt og at han var veldig sint i utgangspunktet. Eg var uønska på eit språk som ikkje høyrer nokon plass heime

Nina Sofie Gjelsvik

– Eg tykte det var heilt på kanten. Når ein stiller eit skikkeleg og enkelt spørsmål om det er moglegheit for å slå opp telt, så er det eit ja eller nei-spørsmål i utgangspunktet. Det er jo ikkje nokon vits i å stå å brøle og skrike til folk på den måten som blei gjort, fortel Nina til NRK.

Utskjelt då ho spurte

Gjelsvik måtte berre gå vidare utan løyve til å telte. Seinare på kvelden skal ho ha sett at folk blei vekkjaga frå parkeringsplassen etter klokka 22, Etter dette tidspunktet er det ikkje lov å parkere på den private innmarka kring stranda.

Ho meiner både kommunen og grunneigarane hadde stått seg på å ordna opp i tilhøva, slik at teltgjestar lettare kan orientere seg i kva dei har lov til å gjere, og dermed sleppe vidare konfrontasjonar.

– Då eg kom dit, så gjekk eg berre opp med jentungen på armen og gjekk bort til nokon folk som sat utanfor. Eg presenterte meg og spurte om det var mogleg å slå opp telt der nede. Diskusjonen vart kjempestor og kjempelang. Eg forstår at det har vore masse konflikt og at han var veldig sint i utgangspunktet. Eg var uønska på eit språk som ikkje høyrer nokon plass heime, seier Gjelsvik.

Ho meiner at det ikkje går an å marknadsføre ein plass der du rett og slett er uønska av grunneigarar. Ho sende brev til Bremanger kommune om saka, og saka har vekt sterke reaksjonar på sosiale mediar.

– Det er beklageleg

Ordførar Karl Vidar Førde seier han er lei seg over at gjestande har hatt eit negativt møte med ein grunneigar.

– Eg meiner at Grotlesanden er ei flott perle som vi har i kommunen vår. Eg synes det er beklageleg at det oppstår ein slik situasjon. Det vil vere veldig uheldig at folk ikkje kjem fordi ein grunneigar er tverr og jagar folk derifrå. Det er absolutt ikkje slik vi vil ha det.

NRK har snakka med to av grunneigarane i området som begge deltok i trefninga med Nina Gjelsvik. Begge grunneigarane leiger ut innmark til kommunen for parkering, men tillet ikkje camping.

Karl Vidar Førde

ORDFØRAR: Karl Vidar Førde (Sp)

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

Uavhengig av kvarandre hevdar dei Gjelsvik overdriv temperaturen i møtet, og at det ikkje er rett at dei for med bannskap slik det står i brevet eller at folk blir jaga vekk.

Regulert av lova

Dei seier dei ikkje har noko i mot folkelivet, men vil ikkje kommentere saka på radio. Ordføraren vil på si side prøve å ordne opp, kommunen samlar inn informasjon som kan vere til nytte i planlegginga til neste sesong.

Det vil vere veldig uheldig at folk ikkje kjem fordi ein grunneigar er tverr og jagar folk derifrå

Karl Vidar Førde

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier det er friluftslova som regulerer telting på strendene. Alle kan telte på strendene og i utmarka, men stranda må vere 150 meter frå nærmaste hus før reglen om tilgjenge for ålmenta sler inn. På innmark må ein ha løyve frå grunneigar.

Dermed har truleg grunneigarane nær sanden lov å nekte telting på stranda om dei ynskjer det. Yndesdal rår kommunen til å informere turistane på ein aktiv måte.

Fann ei løysing

– Regelverket er at det er høve til å telte i utmark, med ein avstand på 150 meter til der det er bebudde hus eller hytter. Det er nok veldig spesielt samanlikna med mange andre land at Norge har allemannsretten og står veldig sterkt i befolkninga, seier Yndesdal.

Grotlesanden er ei perle som mange er stolte av i Bremanger. For Nina Gjelsvik blei løysinga å forhøyre seg med ein annan grunneigar, som lot ho telte på innmarka.

– Eg møtte ei heilt fantastisk dame. Eg fekk beskjed om at det var berre å slå opp telt. Og om eg trengte vatn så skulle dei hjelpe meg. Det var jo som natt og dag.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser