Hopp til innhold

Sette i gang leiteaksjon etter mann

Då mannen ikkje dukka opp til avtalt tid, vart ein større leiteaksjon sett i gang i sjøen mellom Florø og øya Hovden.

hovden

Mannen hadde gjeve beskjed om at han skulle køyre med båt frå Hovden til Florø rundt klokka 16 laurdag ettermiddag.

– Då han ikkje dukka opp att på avtalt tid blei vi kontakta, og det blei sett i verk ein leiteaksjon, fortel operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Både redningsskøyta og redningshelikopteret blei sett inn i leitinga, og laurdag kveld blei mannen og båten funne på ein grunne ikkje langt frå staden der ferda starta kort tid etter at leiteaksjonen vart sett i gang.

– Han hadde lagt ut på fjæra sjø og hadde blitt ståande fast, og hadde ikkje hatt høve til å kontakte folk om at han stod fast. Heldigvis blei mannen funnen i god behald, seier Gulliksen.