NRK Meny
Normal

Blei sjuk – står utan arbeid

LOEN (NRK.no): Jan Lakata fekk påvist yrkesskade av lege etter å ha jobba i fire år i produksjonen i Nordfjord Kjøtt. Han søkte om omplassering, men vart nekta. No har han i to år vore avhengig av NAV.

Jan Lakata

Jan Lakata fekk påvist yrkesskade, og meiner Nordfjord Kjøtt spring frå ansvaret sitt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eg fekk ei kjensle av at dei berre ville kvitte seg med meg.

Jan Lakata

– Etter mange ulike legesjekkar har eg fått konstatert yrkesskade på grunn av arbeidstilhøva eg hadde. Legen har to gonger sendt erklæring om at eg treng anna type arbeid ved Nordfjord Kjøtt AS. Men det blir ikkje akseptert.

Lakata jobba med klor, ammoniakk, kaustisk soda og i nærleiken av klimaanlegg. Han seier einaste verneutstyr som var tilgjengeleg var hanskar og briller.

Lakata blei til slutt oppsagt av Nordfjord Kjøtt. Årsaka var at han hadde helseskade, og at det ikkje fanst anna arbeid ved bedrifta. Det kalde og råe klimaet inne i produksjonshallane var for mykje for luftvegane hans.

– Eg spurte til dømes om å få jobbe i kantina. Men det vart ikkje akseptert. Eg fekk ei kjensle av at dei berre ville kvitte seg med meg.

Han seier han kjenner til fleire andre som har blitt sjuke og som har fått påvist helseskadar, og som har fått beskjed om å slutte sjølv.

– Eg meiner Nordfjord Kjøtt spring frå ansvaret sitt, no er eg registrert på NAV. Eg håpar å finne anna arbeid, men det er ikkje lett.

– Med riktig verneutstyr kunne eg jobba der til eg blei pensjonist, seier Lakata.

Nordfjord Kjøtt seier dei ikkje kvittar seg med sjuke tilsette

Nordfjord Kjøtt seier dei ikkje aldri har bede nokon slutte på grunn av helsemessige årsaker.

– I nokre tilfelle har Nav eller lege derimot anbefalt at Nordfjord Kjøtt ikkje er ein eigna arbeidsplass for vedkomande.

Geir Egil Roksvåg
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Administrerande direktør Geir Egil Roksvåg vil ikkje kommentere personalsaker spesielt, men seier på generelt grunnlag.

– Vi prøvar å gi andre arbeidsoppgåver så langt vi kan når folk blir sjuke, men det er klart at dei fleste plassar der folk jobbar så vaskar ein mykje, og ein har kjøling i lokala. Det er grunnkriteria. Vi har kanskje ein varm plass, og det er kantina. Der har vi folk, og der kan vi ikkje omplassere andre. Då må vi seie opp folk i kantina. Det går ikkje an, det har vi ikkje lov å gjere, seier Roksvåg.

– Åtvaring om oppseiing på eit språk tilsette ikkje skjønar

Lakata støttar kollegaene sine i at det rår eit tøft arbeidsmiljø på Nordfjord Kjøtt.

– Eg har sett at dei gir åtvaringar om oppseiing utan god grunn, åtvaringane står på norsk så dei når ikkje ein gong skikkeleg fram til dei det gjeld.

NRK har sjølv snakka med ein medarbeidar som har fått åtvaringar, men som ikkje vil stå fram i media. Årsaka til åtvaringane var manglande eigenmelding, Åtvaringa NRK såg var skriven på norsk, og arbeidaren NRK snakka med via tolk kan ikkje norsk.

– Nyttar tolk som standard prosedyre

Men Nordfjord Kjøtt avviser at arbeidarane ikkje forstår dei skriftlege åtvaringane.

– Når det gjeld oppseiingar og åtvaringar blir tolk nytta som standard prosedyre, skriv verksemda i ein e-post til NRK.

Eg har opplevd at vi nærmast blir målte med tid om vi må på toalettet undervegs i arbeidsdagen. Eg kjente meg ofte nesten psykisk utpressa.

Jan Lakata

Lakata fortel om svært tøffe arbeidstilhøve, med mykje overtid.

– Eg har opplevd at vi nærmast blir målte med tid om vi må på toalettet undervegs i arbeidsdagen. Eg kjente meg ofte nesten psykisk utpressa. Dei masar om at vi skal jobbe så raskt som råd.

– Om eg nekta overtid har eg indirekte fått beskjed om at eg kan gå. «Der er døra, og der ute ventar dei neste 10 som vil jobbe her,» seier dei. I ei periode jobba eg frå før tre om morgonen til ti om kvelden, seier Jan Lakata.

Nordfjord Kjøtt avviser

Nordfjord Kjøtt opplyser at dei ikkje har avtale om inkluderande arbeidsliv slik som næringslivet blir oppmoda om å inngå. Slike avtaler mellom arbeidsgjevar og NAV har som mål å auke sysselsetjinga av personar med nedsett funksjonsevne.

Nordfjord Kjøtt i Loen

AVVISER: Nordfjord Kjøtt avviser at dei manglar naudsynt verneutstyr.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Tilsette seier til NRK at toalettbesøk blir kommentert om dei er for lange, og at dei kjenner seg målte på tid?

– Alle tilsette kan sjølvsagt bruke toalettet når den enkelte har bruk for det, svarar Nordfjord Kjøtt.

Kva verneutstyr tenker de på då? Høyrselsvern er her, hjelm er her, hanskar er her, støvlar er her, augedropar er her. Det siste har eg sjekka sjølv rundt om i dag.

Geir Egil Roksvåg

– Kva har du å seie til utsegner om manglande verneutstyr?

– Vi har det som skal vere her, er det noko som manglar så supplerer vi det fortløpande. Kva verneutstyr tenker de på då? Høyrselsvern er her, hjelm er her, hanskar er her, støvlar er her, augedropar er her. Det siste har eg sjekka sjølv rundt om i dag.

– Vernemaske er her for dei som ynskjer å bruke det, og er det fleire som vil ha maske kan vi skaffe fleire masker. Det er ikkje problem i det heile teke, men maskene er så tunge å puste i at dei tilsette vil ikkje gå med dei, seier Roksvåg.

– Kan det vere ein fare her? At folk ikkje vil bruke verneutstyret?

– Ja, det er mange som meiner det er travelt å gå med det. Så det har dei fleste slutta med rundt om.

– Men skal ikkje ein bruke pålagt verneutstyr?

– Vi har ikkje pålegg om det, trur eg ... Men det veit eg ikkje, det må eg finne ut av. Eg kan ikkje svare på det på ståande fot.

– Men bedrifta har vel eit sjølvstendig ansvar for at folk faktisk nyttar pålagd verneutstyr?

– Vi har eigne folk som jobbar med dette, dette får eg spørje dei om før eg svarar.

– Vi trugar ikkje folk med sparken

I ein e-post til NRK svarar HMS-ansvarleg Rolf Knudsen på vegner av Roksvåg at det ikkje er påbod om bruk av vernemaske når ein nyttar vaskemiddel under reingjering av produksjonen.

– Dersom ein arbeidstakar finn det ubehageleg eller opplev plage i luftvegane kan han nytte eigna masker som er fritt tilgjengeleg på alle arbeidsstasjonane. Anna verneutstyr som hanskar og briller er det påbod om å bruke under alle arbeidsoperasjonar med vaskemiddel.

Roksvåg nektar for at dei trugar folk med sparken.

– Det er berre tull at vi trugar med sparken om folk ikkje jobbar overtid. Folk som ikkje ynskjer å jobbe overtid, er omplasserte. Vi har fordelt folk som ikkje vil jobbe overtid. slik at vi kan fordele byrdene med å ta overtid når det måtte vere, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser