Hopp til innhold

Blautt underlag gav solid siger til Florø

Trass 4-0-siger mot Rødde hadde trenaren helst sett at laget frå kystbyen hadde banka inn enda eit par ballar i nettet.

Tord Hovden

KONTROLL: Florø hadde kontroll på Rødde laurdag. Tord Hovden var ein av målscorarane. (Arkivfoto)

Foto: Truls Kleiven / NRK

Terje Rognsø

FLEIRE MÅL: Trenar Terje Rognsø hadde helst sett det vart enda fleire mål frå Florø i dag.

Foto: TRULS KLEIVEN

– I første omgang var vi klart betre enn Rødde, men vi sprudlar ikkje heller. Vi slit litt med å kome i gong, men vi scorar mål og har meir eller mindre full kontroll når vi går til pause og leiar med 2-0, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Laget var ifølgje trenaren heldig med vêret då regnet kom på besøk etter kvart.

– Vi er eit lag med større tempo, og det våte underlaget gjer oss raskare, så det passa bra. Vi køyrer over dei, men skulle gjerne vunne med enda fleire mål.

I tabelltoppen

Christer Husa score første målet, Peter Aase scora to mål og Tord Hovden eitt. Med tre poeng i dag, klatrar Florø opp på ein førebels andreplass på tabellen i 2. divisjon avdeling 4.

– Det er viktig for oss å få gjentakande prestasjonar. Kongsvinger ligg langt føre oss, så vi må fokusere på oss sjølve, seier Rognsø.

Trur på tre nye poeng

Kongsvinger ligg øvst med sine 18 poeng og ein mindre kamp spelt. Førde med sine ni poeng skal spele mot Bumunddal søndag, men har også ein mindre kamp spelt enn Florø.

– Vi har ingenting i mot å ligge over Førde. Men vi må konsentrere oss mest om å bli stabile. Til no har det variert mykje i prestasjonane både mellom og under kampane. Så eg håpar vi kan bli flinkare til å gjenskape det gode spelet, seier Rognsø.

Trenaren seier dagens kamp er ein indikasjon på at dei er på veg i rett retning.

– Å vinne kampar gir både spelarar og resten av klubben sjølvtillit. No gler vi oss til to bortekampar, den første mot Byåsen. Eg har stor tru på at vi kan gjenta tre poeng der om vi held fram slik vi har gjort dei siste kampane, seier han.