Hopp til innhold

Blåste til ein i promille etter uhell – sendt til Haukeland med luftambulanse

Ein mann i 20-åra er sendt til Haukeland med luftambulanse etter eit trafikkuhell på fylkesveg 60 i Stryn.

Bilen fekk seg ein god smell i fronten. Frontruta var knust og begge airbagane utløyste då ein tilfeldig forbipasserande såg bilen i grøfta ved Morteberget mellom Utvik og Innvik.

Føraren, ein mann i 20-åra, blåste til kring ein i promille, før han vart teken med til legesjekk. Han vart derifrå sendt til Haukeland med luftambulanse for kontroll av moglege indre skader.

Helse Bergen melder søndag føremiddag at mannen har fått alvorlege skader.

Utforkøyringa vart meldt klokka 0619 søndag. Alle naudetatane vart varsla.

– Det var noko blod på begge airbagane. Når dei er utløyste, så kan det indikere noko fart. Men det var ingen personar i eller rundt bilen. Det vart slått trippelvarsling, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Politiet kom i kontakt med bileigar og seinare mannen som truleg var førar av bilen. Mannen hadde skadar som kunne stemme overeins med trafikkuhellet.

– Han vart funnen på bustad, blåste og vart fråteken førarkortet. Vi har ikkje kome fram til om det var fleire i bilen, seier Kolltveit.

Bilen skal stå kring ein meter utanfor vegbana, og skal ikkje vere til hinder for trafikken. Det er uvisst når utforkøyringa skjedde.