Hopp til innhold

Jan Roar viftar med tusenlappane til Florø

Klarer Florø Fotball bragda å rykkje opp til 1. divisjon, så spyttar Jan Roar Hatlem 10.000 kroner inn i klubbkassen.

Jan Roar Hatlem

VIL BETALE: Jan Roar Hatlem lovar Florø Fotball 10.000 kroner om dei rykkjer opp innan 2016. – Det er 10.000 kroner eg skal bruke med eit smil, seier han.

Foto: Truls Kleiven

Med tre måls betre målskilnad enn Vidar, leiar Florø 2. divisjon avdeling 3. Skulle laget framleis toppe tabellen når laget reiser frå Lyn-kampen 25. oktober, ventar 1. divisjon neste år.

Og Jan Roar Hatlem lukkeleg «ti lappar» fattigare.

– Eg sa først 5.000 kroner og då eg såg at gutane var villige til å vente litt med utdanninga og satse vidare, så dobla eg summen. Eg håpar det er 10.000 kroner eg får lov til å bruke, seier han til NRK.no.

Innan 2016

Det var Firdaposten som først omtala gjevargleda til Florø-patrioten. Pengane blir utbetalt om laget rykker opp innan 2016. No har også fleire kasta seg på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø-jubel

JUBEL: Det har vore mykje å juble over i Florø-fotballen siste åra. No kjempar dei også om opprykk til 1. divisjon.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Det har vore tommelen opp frå alle eg har møtt på og det er fleire som har sagt at dei vil medverke under same føresetnad som meg. Eg håpar dei står ved sine ord om det blir ein realitet, seier Hatlem til NRK.no.

Gler fotballgruppa

Terje Rognsø

GLEDELEG: Terje Rognsø og Florø Fotball gler seg over gjevargleda blant supporterane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenar Terje Rognsø seier til avisa at det gler fotballgruppa stort å sjå responsen på lovnaden frå Hatlem.

Sjølv om dei paradoksalt nok kan leve godt med pengane frå TV-avtalen ved eit eventuelt opprykk.

– Mange meiner vi bør gå for det, og vi vil gjere vårt yttarste, men satsinga vår skal vere eit økonomisk grunnlag for den satsinga, så vi kjem ikkje til å hente nokre forsterkingar i sommar. Vi vil heller arbeide med å legge til rette for dei som allereie er her, seier Rognsø til Firdaposten.

Satsar lokalt

Slikt gler eit fotballhjarte i kystbyen. For satsinga på «kortreiste fotballspelarar» er avgjerande for lovnaden til Hatlem. Stammen i dagens Florø-lag har gått gradene saman i den nyopprykka 2. divisjonsklubben.

Og fleire gode årgangar er på veg. Framgangen på seniornivå har også smitta over på dei aldersfastlagde klassane.

– Eg trur nok ikkje eg hadde vore like ivrig om det berre vart henta inn spelarar utanfrå, seier han til NRK.no.

– Eventyrleg utvikling

– Florø har hatt ei eventyrleg utvikling siste åra, og no er det ein gjeng som er villige å setje utdanninga litt på vent for å sjå utviklinga og kanskje ta steget opp. Då krevst det meir pengar, og då vil eg gjerne medverke til det, held Hatlem fram.

Han håpar difor at også fleire kastar seg på.

– 10.000 kroner er bra sum frå ein person, men for ein klubb monnar det ikkje allverda. Eg vil svært gjerne at andre privatpersonar, og ikkje minst næringslivet, kan medverke til å utvikle Florø-fotballen vidare, seier han og avsluttar:

– Det å ha eit godt fotballag trur eg er viktig for ein kvar stad. Det er med på å skape identitet, tilhøyrsle og noko ein kan vere stolt av, juble over og vere oppteken av. Det er viktigare enn mange trur.