Hopp til innhold

Blant dei rolegaste fylka i landet

På landsbasis har Røde Kors Hjelpekorps aldri hatt så mange påskeoppdrag som i år. I Sogn og Fjordane er den sjeldan roleg.

Røde Kors

ROLEG: Røde Kors Hjelpekorps i Buskerud, Rogaland og Hordaland har hatt ei langt meir hektisk påske enn sine kollegaer i Sogn og Fjordane.

Foto: Frank Nygård / NRK

Med tre oppdrag laurdag, er Røde Kors Hjelpekorps i Sogn og Fjordane oppe i 13 oppdrag.

Legg ein til null oppdrag for Norsk Folkehjelp i Årdal, kan ein trygt seie at påska framleis er roleg.

– I dag tidleg meldte informasjonssentralen på Gol om 684 skader. Av desse berre 164 i går. Sogn og Fjordane er nok lågast i landet i den forstand, trur Geir Henning Hansen, distriktsrådsmedlem i Sogn og Fjordane Røde Kors.

850 skadar

Og medan påskeaftan går mot ein ende og turistane trekkjer i hus, kan vaktsjef Odd Arne Rikardsen hos Røde Kors Hjelpekorps sin informasjonssentral på Gol langt på veg stadfeste det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norsk Folkehjelp

ROLEG: Norsk Folkehjelp har opp mot 20 personar på hytta i Årdal, men dei har så langt ikkje hatt eit einaste oppdrag i påska.

Foto: Privat

På landsbasis var dei Røde Kors-frivillige oppe i 850 skader totalt på landsbasis. Fjorårstala vart passert allereie langfredag.

– Faktisk er det berre Nord-Trøndelag, Nordland og Troms som har færre oppdrag enn Sogn og Fjordane, seier Rikardsen.

Buskerud toppar

– Majoriteten er mindre skader som vi har behandla, men vi har også hatt nokre brot og diverre også hjartestans, seier han.

Statistikken blir toppa av Buskerud (149 skader), Telemark (142) skader og Hordaland (107) skader. Når det gjeld skred, har ikkje Røde Kors Hjelpekorps hatt så mange skredoppdrag på fem år.

– Ein fjerdedel av landet står for alle oppdraga vi har hatt så langt i påska. Vi reknar med å ende på kring 1.000 når påska er over, seier Rikardsen.

Flinkare i naturbruk?

Dei fleste skadane fordeler seg hovudsakleg på alpintbakkar og terreng. I Nord-Norge har vêret vore så dårleg, at langt færre har teke turen ut i påska.

– Eller kanskje de rett og slett er flinkare i Sogn og Fjordane til å ta i bruk naturen. At dei andre stadar er meir uforsiktige, synsar vaktsjefen på Gol. Skadane i alpintbakkane viser ikkje like godt igjen i statistikken for fjordfylket.

(Artikkelen held fram under biletet)

På vakt for Røde Kors Hjelpekorps

PÅ VAKT: Denne trioen er mellom fleire som også har kunne nytt godt av det strålande påskevêret sjølv om dei har vore på vakt for hjelpekorpset på Utvikfjellet.

Foto: Ola Apalset

– Talet er nok høgare

To av dei tre skadane som skjedde i Sogn og Fjordane laurdag, skjedde i alpintbakkar i Hornindal og Høyanger. Den siste i terrenget i Hornindal.

Men også i Stryn hadde dei i dag tre uhell på same tid. Og det er ikkje alle skader at det er Røde Kors-frivillige som tek seg av.

– No er det mange skibakkar som har eigne skipatruljar, så skadetalet totalt sett for fylket er nok høgare enn det vi har oversikt over, seier Hansen på Røde Kors-hytta på Utvikfjellet.

Dårlegare vêr

– Men så langt har vi hatt ei kjempeflott påske, og vi håpar det held fram på same måten, legg han til og trur på ein endå rolegare dag søndag når sola tek eit opphald over fjordfylket.

SJÅ: Oppdaterte vêrmeldingar hos yr.no

Måndag er det derimot meldt om strålande vêr igjen når alle påsketuristane skal tilbake til kvardagen.

– Då kan det eventuelt oppstå situasjonar når dei skal ned att frå hyttene, seier Hansen.

Får trena seg

At påska er roleg, betyr ikkje at dei frivillige for Røde Kors og Norsk Folkehjelp kjedar seg. I Årdal arrangerte dei i dag påskerenn med rekordmange born på startstreken.

– Dei som har vore ute har fått øvd seg og trena på ting som kan skje. Dei har snakka med folk og drive litt førebyggande arbeid både med tanke på skred og solbrenning. Folk har vore innom og tatt ein kaffikopp. Det er bere kjekt at det kan vere slik også, avsluttar Hansen.