Hopp til innhold

Blant dei mest oververktige

Ungdom i Sogn og Fjordane ligg på landstoppen i overvekt, det syner tal frå Folkehelseinstituttet. Det er ein klar tendens at det er meir overvekt i bygder og grisgrendte strok enn det er i byane seier John Roger Andersen, som er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane til Firda. Andersen har sjølv forska på overvekt blant 17-åringar og leverte i 2012 ein forskingsrapport.