NRK Meny
Normal

Blålys skal varsle jerv

Sauebønder i Luster går no nye vegar for å få has på jerven. Rovdyret er vanskeleg å jakte på, men no skal blinkande blålys varsle bøndene når sauedreparen er på ferde.

 

Jerv
Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

- Det er ikkje hjelp i å tråle skog og mark, for då rømmer jerven unna etter kvart. Einaste måten er å lure dei innpå ei åte, slik at vi kan ligge i fred og ro og vente på dei, seier leiar i Solvorn og Hafslo beitelag, Johannes Kvam.

 

Sau drepen av jerv
Foto: Statens naturoppsyn

Drap 74 sauer i området i fjor

 Ein jerv er ikkje alltid like lett å oppdage, iallfall ikkje før han har gjort skade. Berre i fjor haust drap rovdyret 74 sauer i området frå Veitastrond til Solvorn i Luster kommune. Jerven slår snart til igjen, men denne gongen vil bøndene kome han i forkjøpet.

 Varmesensorar vil røpe jerven

Johannes Kvam fortel at dei vil legge ut åte til jerven, og når dyret nærmar seg vil varmesensorar syte for at alarmen går,  i form av blinkande blålys. Når det skjer er det om å gjere for jegeren i vakthuset å rykke raskt ut.

- Så om han ikkje fylgjer med heile tida, vil lyset varsle han når jerven er i nærleiken slik at han får tid på seg til å skyte dyret.

- Verre enn bjørnen

Sjølv om bjørnen har fått mykje fokus i sommar, understrekar Johannes Kvam og dei andre sauebøndene i Luster at det er jerven og gaupa som er dei største sauedreparane i fjellet. Difor er det både viktig og rett å bruke mykje ressursar på rovdyret, sier Kvam.