Hopp til innhold

I går var ho lærar - i dag er ho statssekretær

Hanne Blåfjelldal (32) vart onsdag presentert som ny statssekretær i landbruksdepartementet. Så seint som dagen før hadde ho undervisning med elevane sine i Høyanger.

Hanne Blåfjelldal

NY JOBB: Hanne Blåfjelldal, som bur og jobbar i Høyanger, ligg an til å bli ny statssekretær i landbruksdepartementet.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

– Eg jobba som lærar fram til min siste undervisningstime i Høyanger til klokka 13:15 i går. Deretter kasta eg meg i bilen til Oslo. Så eg har hatt mest tanke på elevane mine til no - eg må berre omstille meg og byrje å tenkje landbrukspolitikk, seier Blåfjelldal til NRK.no.

Hanne Blåfjelldal, som er tidlegare sentralstyremedlem i Frp, blir statssekretær i landbruksdepartementet.

- Alltid vore interessert i landbruk

Ho er tidlegare første nestformann i Fremskrittspartiets Ungdom. Ho kjem opphavleg frå Sør-Aurdal kommune i Valdres, der ho tidlegare også sat i kommunestyre og formannskap.

– Siv Jensen ringde meg i førre veke. Eg brukte ikkje lang tid på å bestemme meg og takke ja til jobben, seier Blåfjelldal.

Hanne Blåfjelldal om jobben som statssekretær.

Blåfjelldal var Framstegpartiets andrekandidat til stortingsvalet 2009 for Oppland. Ho jobba også i ein periode som politisk rådgjevar for Framstegspartiets stortingsgruppe, og då spesielt innanfor kyrkje-, utdannings- og forskingspolitikk.

– Eg har alltid vore interessert i landbrukspolitikk og distriktspolitikk. Men eg veit at eg har mykje å lære. No skal eg lese meg opp og tileigne meg kunnskap og kompetanse, seier ho.

Statssekretær vaks opp i Lavik

Himanshu Gulati er fødd i Førde, og budde sine første ni år i Lavik, og er tidlegare Fpu-leiar. No blir han statssekretær i den nye regjeringa, truleg i samferdsledepartementet, ifølgje aftenposten.no.

Gulati

FØDD I FØRDE: Fpu-leiar, Himanshu Gulati, vert statssekretær i samferdsledepartementet.

Gulati vart med sin norsk-indiske bakgrunn den første fleirkulturelle leiaren i eit norsk ungdomsparti nokonsinne, då han tok over leiarvervet i Fpu.

Himanshu Gulati om jobben som statssekretær.

PS: Den nye Barne- og Likestillingsministeren Solveig Horne skal også ha røter frå Sogn og Fjordane. Far hennar er frå Vevring.