Hopp til innhold

Dei er spente på den blåblå vegen vidare

Det er fleire spente og uroa vegforkjemparar som no undrar seg over kva følgje bompenge-nei i regjering får å seie for vegprosjekt.

Flæte, Finden Halset og Hjellum

SPENNING: Oddvar Flæte (t.v.), Marta Finden Halset og Eivind Hjellum er spente på kva bompengeoppryddinga til regjeringa vil få å seie for planlagde vegprosjekt i Sogn og Fjordane.

Foto: Fotomontasje / NRK

Dei vil også be Stortinget om til saman 500 millionar kroner for å innfri gjelda til fem bompengeprosjekt.

Eitt av desse er Fatlatunnelen på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger .

– For det første tykkjer eg det er veldig flott at ein nedbetaler bompengar som eigentleg aldri burde vore der på eit rasutsett området. Men om dette har noko direkte innverknad på Førdepakken, er for tidleg å seie, seier dagleg leiar Oddvar Flæte i Førdepakken.

Mindre til nye prosjekt

Flæte følgjer spent med på kva samferdsledepartementet brukar pengar på for tida. Det same gjer Eivind Hjellum i Prosjektet Kystvegen og Vik-ordførar Marta Finden Halset (Ap).

Dei er tre forkjemparar for kvar sine vegpakkar som vil koste flesk. Dei tre er også både spente og uroa for kva bompengekutta får å seie for andre komande vegprosjekt.

– Det er sjølvsagt ein viss fare for at det blir mindre pengar til nye prosjekt, seier Finden Halset.

Ikkje bypakkar

Gjennom Førdepakken skal trafikkbiletet i fylkes største by omorganiserast for 1,5 milliardar kroner. Her trengst det ein milliard kroner i bompengar .

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik vil Statens vegvesen legge E39 forbi Bruland.

E39: Slik vil Statens vegvesen leggje E39 ved Bruland i Førde.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

For i regjeringserklæringa står det at reduksjon i bompengar i hovudsak ikkje skal omfatte bypakkar.

– Det er avgjerande, for dersom vi skal klare å få til både gang-, sykkelvegar og ein betre gjennomgangstrafikk gjennom Førde, så må vi bruke bompengar. Skal du få bygt vegar, så klarer du elles ikkje å finne 1,5 milliard kroner på i noko budsjett her i fylket, seier Flæte.

Har lova investering

Ute med kysten kjempar dei for pengar til den såkalla 45-minuttsregionen. Den skal korte ned reisetida mellom Florø og Måløy , og kostar kring ein milliard kroner.

Kystvegen, Illustrasjon

KYSTVEGEN: Ny veg vil korte reisetida monaleg og opne for eit større bu- og arbeidsområdet.

Halvparten av dette er tenkt som bompengar, fortel prosjektleiar Hjellum.

– Eg veit ikkje om Staten vil blande seg borti kva ein vil gjere med bompengar eller ikkje på fylkesvegar, men den nye regjeringa har gått høgt på bana og sagt at det skal byggjast ein skikkeleg ein skikkeleg infrastruktur her i landet, og at det skal investerast mykje meir i vegbygging. Det går eg ut ifrå at dei meiner seriøst, seier han.

– Vi betaler, men ...

I Sogn fekk ordførar Finden Halset i Vik PR-hjelp for å Vikafjellsvegen inn i Nasjonal Transportplan.

Dei har ikkje bestemt seg om også dei treng bompengar for å betale dei 1,6 milliardar kronene vegen kostar.

– Vi er sjølvsagt villige til å betale bompengar om vi berre får veg, men trafikkgrunnlaget er også ein del av utrekninga for bompengefinansiering, seier ho og håpar ikkje regjeringa brukar opp vegpengane på å betale ut bompengeprosjekt på eksisterande veg.