Hopp til innhold

Han forstår plantane sitt språk - blåbærplantane varslar kvarandre om fare

Når ein hjort eller ein elg er på tur i skogens matfat, kan blåbærplantane varsle kvarandre om at det er fare på ferde. Biolog Tarald Seldal har forska på korleis plantane snakkar seg i mellom.

Tarald Seldal/Blåbær (Montasje)

SNAKKAR MED PLANTAR: Biolog Tarald Seldal veit kva og korleis blåbærplantar snakkar saman.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Når plantar bli utsett for beiting, så legg dei merke til stoff i spyttet hjå beitedyret. Dei signala fortel planten kva giftstoff dei skal starte å produsere. Samstundes spreier dei kjemiske forbindelsar med vinden, slik at også andre blåbærplantar oppfattar at det er fare på ferde, fortel Seldal.

I mange år har han forska på korleis plantane snakkar i lag. Han har funne ut at på opptil fem meters avstand kan blåbærplantane varsle kvarandre om faren, og melde frå at ein må finne fram sitt beste forsvar.

Ein kostbar kamp for å overleve

Stoffet som blir skilt ut gjer at planten blir oppfatta som mindre attraktiv mat, og sjansen for overleving er betre. Men overlevelsesmekanismen som slår inn er kostbar for planten.

– Det kostar mykje energi og krefter for planten. Vernet og produksjonen av giftstoff går ut over kor godt dei veks og blåbærproduksjonen. Forskinga har synt at dei bæra som ikkje brukar kreftene på å verne seg produserer tre-fire gonger så mykje bær, fortel biologen.

Gifta kjem ut i bladet, og ikkje i bæra, og blir tilpassa kva dyr eller insekt som er på ferde i blåbærlyngen. Blåbærplanten er viktig for mange dyr i skogen, og difor er det viktig med mykje kunnskap om planten, meiner forskarane.

Viktig bidrag i klimaforskinga

Kunnskapen om korleis blåbærplantane forsvarar er også eit viktig bidrag til klimaforskinga.

Hjort i brunst 1

SKADE: Blåbærplantane forsvarar seg mot hjort og andre skadedyr ved å produsere giftstoff, som gjer blada mindre attraktive som mat.

Foto: Rune Ripe

– Klima ser ut til å påverke prosessane. Og dette kan igjen påverke produksjonen av insekt som er viktig for matproduksjonen vår, fortel forskaren.

For når temperaturen stig, så trur planten at faren aukar og forsvarar seg meir. Då går kvaliteten på planten går ned, og forholda blir vanskelegare for insekt og småkryp som trengst for å pollinere eller støve plantar som vi menneska er avhengige av. Samstundes som det også blir færre bær. Klimaendringane påverkar plantane si evne til å slå tilbake mot pestorganismar og sjukdomar.

– Vi er veldig redde for at klimaendringane, med auka temperatur, påverkar mekanismane. Til dømes at det blir færre pollinatorar når plantane blir mindre motstandsdyktige mot sjukdommar og insekt, som igjen gjer at matproduksjonen går kraftig ned, seier Seldal.

Ropar planten varsku om menneske?

At plantane snakkar i lag var kontroversielt då det var oppdaga for 30 år sidan, men no er kunnskapen allment akseptert i forskingsmiljø. Likevel er det få som har testa kunnskapen ute i den frie natur, slik Seldal har gjort på Kaupanger og på Svanøy.

Mykje av forskinga har skjedd i laboratorium og veksthus, i USA og Tyskland. Kva genar, arvestoff og kjemiske prosessar som er involvert i prosessane er allereie avslørt, men lite har til no blitt testa ute i den frie naturen.

Ute i naturen er også andre store skapningar, som menneske på ferde, men vi blir ikkje oppfatta som ein trugsel, seier Seldal.

– Det er så energikrevjande for planten å forsvare seg, at om ein trakkar på eller slår til ein plante, så brukar den ikkje krefter på det. Det er spyttsignala som avgjer om den skal bruke mykje energi på kjemisk forsvar i staden for vekst og bærproduksjon.

– Så vi kan berre plukke blåbær?

– Ja, for det er viktig for planten å få spreidd bæra og frøa sine, slik at det blir meir plantar og bær.