NRK Meny
Normal

No vil «alle» samarbeide med Høgre...

Sogn og Fjordane er eitt av fylka som har hatt raudgrønt styre dei siste åra. Men maktskiftet nasjonalt, gjer Høgre meir tillokkande å arbeide i lag med lokalt.

Følling, Solberg, Støyva og Distad

MEIR POP: Både f.v. Jenny Følling (Sp) og Nils P. Støyva (Ap) signaliserer at det viktigaste er å få gjennom saker som er gode for fylket. Erna Solberg presenterer i dag si nye blå regjering. T.h. Noralv Distad (H) har ikkje problem med å forstå at Høgre er meir populært også lokalt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/Lise Åserud/Kjell Arvid Stølen/Birger Meland / NRK/NTB Scanpix/NRK

– Høgre har no regjeringsmakt i lag med Frp, og det er klart at det er viktig å ha ein god dialog med Høgre, seier leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva.

Det opnar seg nye samarbeid i norsk lokalpolitikk etter at avtroppande statsminister Jens Stoltenberg måndag søkte avskil etter åtte år med raudgrønt styre.

Den nye blå regjeringa nasjonalt vil gjera Høgre meir attraktive lokalt, som i Sogn og Fjordane, meiner fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Senterpartiet.

Får mange statsrådar

– Høgre er interessante no fordi dei sit i regjering. Dei sit med mange statsrådar, også på område som vil ha saker som er viktige for fylket vårt å få gjennomslag for, seier Følling.

Sogn og Fjordane er eitt av fylka som har hatt raudgrønt styre dei siste åra. I dag har SV, Ap og Senterpartiet ein samarbeidsavtale, og alle partia seier at den framleis ligg fast.

Men med den raudgrøne oppsplittinga i rikspolitikken, kombinert med ei ny blå regjering, vil det bli meir freistande for Senterpartiet, Ap og SV å gå på friarføter til Høgre.

Går ut frå at alle vil ha resultat

Det har gruppeleiar for Høgre på fylkestinget i Sogn og Fjordane, Noralv Distad, lite i mot.

– Eg trur at Høgre i Sogn og Fjordane blir ein mykje meir attraktiv samarbeidspartnar for dei andre partia. Det skulle berre mangle. Eg går ut ifrå at alle parti er opptekne av å oppnå resultat og noko godt for Sogn og Fjordane, seier Distad.

I Norge er det ikkje forska på korleis eit maktsikte i rikspolitikken rokkar ved samarbeidskonstellasjonane i fylkestinga og i kommunestyra.

Men også i Stoltenberg-regjeringa sitt lokalpolitiske utstillingsvindauge – Trondheim, blir Høgre ein viktig alliansepartnar for dei raudgrøne, fordi partiet får kanalar inn til regjeringsapparatet, seier Yngve Brox, som er gruppeleiar for Høgre i Trondheim bystyre.

– I saker der vi har brei semje i bystyret for å jobbe for våre interesser, til dømes når det gjeld nye lokale for universitetet i byen eller vegbyggingssaker, så vil vi hjelpe til, sjølv om det er ein ordførar med ein annan politisk valør enn vår eigen som styrer, seier Brox.

Vil få fart i einskildprosjekt

I Trondheim vil ein truleg ikkje få samarbeid i konkrete saker på tvers av blokkene.

Til det er er frontane mellom dei raudgrøne og dei borgarlege for steile. Men det kan koma til å skje i fleire saker på fylkestinget i Sogn og Fjordane, skal ein tru både Jenny Følling i Senterpartiet og Nils P. Støyva i Ap.

– Det går på å få prioritert fram einskildprosjekt, som Vikafjellsvegen, E39, E16 og Stad skipstunnel, til dømes, seier Støyva.

Og det er Følling samd i.

– Det å sikre ei god framdrift på E39, sikre pengar til å investere i fylkesvegane, sikre pengar til rassikring og drift og vedlikehald av fylkesvegane, alt det er heilt avgjerande for fylket vårt i kommande periode. Då må vi bruke dei kanalane vi har for å få gjennomslag for dei sakene som vi meiner er viktige, seier Følling.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.