Hopp til innhold

BKK vraka Frp i Sunnfjord Energi

Det var majoritetseigar BKK som fremja forslaget som vraka Frp frå styret i Sunnfjord Energi.

Atle Neteland
Foto: BKK

Forslaget kom frå direktør Atle Neteland i BKK.

Kjende Gjerland frå før

Neteland og resten av generalforsamlinga i kraftselskapet ville heller ha Førde-ordførar Nils Gjerland (Sp) inn i det viktige styret.

- Hovudgrunnen er at eg ikkje kjente Frp-kandidaten, men eg har kjent Nils Gjerland gjennom fire år. Samarbeidet med han har vore utmerka, seier Neteland.

Det rasar ein sterk strid om Førde kommune sin representant i Sunnfjord Energi sitt styre. Framstegspartiet hevdar at Førde-ordførar Nils Gjerland har brote ein avtale som skulle gi Frp plass i det viktige styret, og at han i staden tok vervet sjølv.

Gjerland på si side meiner han ikkje har brote avtalen, sidan han røysta på Frp sin kandidat i generalforsamlinga førre måndag.

Bryt med sedvanen

At den største eigaren BKK og fleirtalet i generalforsamlinga likevel vraka Frp og valde inn Gjerland staden, bryt med ein sedvane i Sunnfjord Energi, nemleg at eigarkommunane sine kandidatar blir valde inn i styret.

Førde er, etter det NRK kjenner til, den første eigarkommunen som får vraka sin kandidat. At denne kom frå Framstegspartiet skal ikkje ha vore grunnen til at han vart forkasta.

- Nei, det har ingen innverknad på mi vurdering, seier Atle Neteland.

Trur partitilknytning kan spela inn

Framstegspartiet vil kutte offentlege eigarinteresser i alle typar energiproduksjon, men Neteland avviser altså at dette har spelt inn i utnemninga av nytt styre i det nest største kraftselskapet i Sogn og Fjordane.

Fleire av eigarane i Sunnfjord Energi som NRK har vore i kontakt med i dag, stadfestar derimot at dette har hatt innverknad. Ein ordførar seier det slik:

- Alle var klar over at dette står i partiprogrammet til Frp, og det er ikkje akkurat eit godt utgangspunkt for å sitje i styret i Sunnfjord Energi.

Mowatt utan kommentar

Styreleiar Harry Mowatt i Sunnfjord Energi ser at det kan bli oppfatta udemokratisk at Frp blir vraka frå styret.

- Det er eit spørsmål som går an å stilla, men som styreleiar har eg ingen tankar om det, seier Mowatt.