BKK trekkjer anken i SFE-saka

BKK trekkjer anken i striden om å forkjøpsrett til aksjane i SFE. Det opplyser dei i ei pressemelding. Dermed står fylkeskommunen fritt til å dele ut aksjane til kommunane. – Vi har bestemt oss for å halde fram som langsiktig eigar i SFE og ønskjer å skape ro rundt selskapet, seier konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, i pressemeldinga. Fylkeskommunen fekk medhald i saka i to rettsinstansar, før BKK anka til høgsterett. Denne anken har dei no trekt, og dommen frå Gulating lagmannsrett er rettskraftig. Fylkeskommunen har hatt eit sterkt ønskje om at SFE-verdiane skal verte verande i dagens Sogn og Fjordane etter samanslåinga til nye Vestland. – Vi er svært glade for at vi no har ein rettskraftig dom, og at vi har vunne fram i kampen for at aksjane i SFE skal kunne leggast over til kommunane, seier fylkesordførar Jenny Følling til NRK.