Hopp til innhold

Bjørnen felt av bananskal

Bjørnen stoppa opp for å snuse på eit bananskal. Det skulle han ikkje ha gjort.

bjørnen er skoten
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Dei to jegerane vart sendt opp til Vetlebreen for å følgje bjørnespor. Plutseleg såg dei at bjørnen kom i deira retning, seier fellingsleiar Finn Olav Myren.

Bjørnejegerane: - Pulsen steig nokre hakk

Les og diskuter: Bjørnen er skoten

Bjørnen kom mot jegerane

Dermed la dei to jegerane seg ned på vakt. Plutseleg stoppa bjørnen opp.

- Han snuste på noko, fortel Myren.

Nett-TV: Her er bjørnen

Då slo jegerane til, og skaut bjørnen.

Les òg: - Ei enorm glede

Vart frista av banan

Då dei kika nærare etter, såg dei at bjørnen hadde stoppa opp for eit bananskal.

Natta før hadde nemleg jaktlaget leita etter bjørnen på Vetlebreen. I tre-tida hadde ein av jegerane bestemt seg for å ta kvelden. Før han gjekk ned, åt han ein banan. Skalet kasta han berre frå seg på breen.

Sist det vart skote bjørn i Sogn og Fjordane var i Leirdalen i Luster i 1956.

Les òg: Bjørnen er skoten