NRK Meny
Normal

Bjørn til bryllaupsmat?

Folk er alt på bana og vil skaffe seg både skinnet og skrotten til bjørnen som vart skoten i Fjærland i går.

- Folk har vore på tråden alt. Der er mange som vil ha både kjøt og skinn. Vi hadde til og med nokon som ville ha bjørnekjøt som forrett i eit bryllaup, seier viltforvaltar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hermund Mjelstad.

Sjå fjernsynsreportasje: Bjørnen felt av fire skot

Les og diskuter: Bjørnen er skoten

Bjørnejegerane: - Pulsen steig nokre hakk

Gaular-ordføraren: Vil ha permanent fellingslag

Staten sin eigedom

Bjørnen som i går vart skoten i Fjærland i Sogndal kommune er staten sin eigedom, men både skinnet og kjøtet kan hamne på lokale hender.

Les og: Bjørnen felt av bananskal

Bjørneskrotten ligg no på kjøl i Jølster. Vanlegvis blir kjøtet etter slike fellingar selt på auksjon. Minsteprisen er på 100 kroner kiloen, men endar ofte rundt 150 kroner.

- Her er det vel eigentleg berre snakk om kor mykje folk vil betale, seier Mjelstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik ser han ut
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

18.000 kroner?

Skrotten skal vege om lag 125 kilo. Rett nok vil ein del forsvinne når hovud, innmat og skinn blir fjerna, men tek ein utgangspunkt i den vekta vil skrotten koste 18.770 kroner om kiloprisen endar på 150 kroner når den blir auksjonert vekk.

- Og vedkomande må kjøpe heile skrotten. Her nyttar det ikkje å bestille eit lår, seier Mjelstad.

Fylkesmannen vil ta stilling til kva som skjer med skrott og skinn i løpet av måndag eller tysdag.

- Men først må ein veterinær godkjenne kjøtet. Det kan innehalde farlege parasittar, seier Mjelstad.

Fleire vil ha skinnet

Når det gjeld skinnet er det litt meir komplisert. Det blir i første omgang sendt til Statens Naturoppsyn i Trondheim. Dei som er interesserte i å bruke skinnet til utstopping på søke dei om å få det.

- Vanlegvis går det til offentlege institusjonar. Sogndal kommune, for eksempel, seier viltforvaltaren.

Alt i morgontimane måndag hadde Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll ein ferdigskriven søknad klar om å få skinnet. Kvar han vil gjere av det er han ikkje sikker på enno.

- Det må i alle fall bli i Fjærland. Kvar får vi avgjere om vi får tak i det, men eg registrerer at Brevasshytta har vist interesse og det er inga dårleg plassering, seier Aarvoll og nemner også bremuseet som ein mogleg plassering.

Historisk i Fjærland

Også Skei Hotell har vist interesse for å stoppe ut og setje den på utstilling, men i og med at offentlege instansar vanlegvis stiller godt meiner Aarvoll at kommunen bør liggje godt an.

- Me har ein god søknad. Slik det har vore praktisert tidlegare har den kommunen bjørnen vart felt i stilt sterkt. Dette er jo ei historisk hending. Etter det eg har høyrt har det ikkje vore skote bjørn i Fjærland sidan 1900, seier Aarvoll.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå