NRK Meny
Normal

Bjørlo vil ha lokal sjukehusleiing

Nyvald ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), meiner Helse Førde bør gjere som andre helseføretak og gå tilbake til lokal leiing ved sjukehusa.

Alfred Bjørlo

ORDFØRAR: Alfred Bjørlo meiner Helse Førde bør gjere som Vestre Viken – å gå tilbake til ein modell med sjukehusdirektørar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Helse Førde har dei siste åra ikkje hatt direktørar for kvart sjukehus, men har gått for ein modell med klinikkar på tvers av sjukehusa.

Dette meiner Bjørlo er ei vannvittig organisering.

– Det er ikkje noko stadleg representant for Helse Førde med avgjerdsmynde ved Nordfjord sjukehus. Slik at du faktisk har ein institusjon med fleire hundre arbeidsplassar som forvaltar eit budsjett på fleire hundre millionar kroner, men utan nokon som har leiing og avgjerdsansvar som det er mogleg for kommunane i Nordfjord å samhandle med, seier han.

Må ha lokal leiing

Bjørlo har ikkje site mange dagar i ordførarstolen i Eid før han nyttar høve til å rykkje inn i sjukehusstriden i Sogn og Fjordane. No tek han fram kravet om at lokalsjukehusa må få tilbake ei eiga leiing.

I dag sit direktørar og leiing ved sentralsjukehuset i Førde.

– Skal du drive god tenesteyting, så er det klart at du må ha ei leiingsfunksjon på staden. Det vil vere ein sjølvfølgje i ei kvar privatverksemd, seier han.

Gjekk tilbake på modell

Eid-ordføraren viser til helseføretaket Vestre Viken på Austlandet, som har gått tilbake til ein modell med sjukehusdirektørar.

– All sunn fornuft tilseier at det må vere slik. Eg håpar at det ikkje har gått så mykje prestisje i saka frå Helse Førde si side at dei også ser at det går ikkje an. Når du skal samhandle meir og meir med ein region som Nordfjord, rundt eit sjukehus, så er det klart at du må ha ein stadleg representant med avgjerdsmynde som leiing for det sjukehuset, seier Bjørlo.

Treng meir oversikt

Kristin Ørmen Johnsen

PRØVER: For å få oversikt over situasjonen innfører Kristin Ørmen Johnsen og Vestre Viken sjukehusdirektørar.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Styreleiar i helseføretaket Vestre Viken, Kristin Ørmen Johnsen, stadfestar at dei etter nyttår vil ha lokale direktørar ved sjukehusa i Kongsberg, Bærum, Drammen og Ringerike.

Årsaka er at føretaket slit med store underskot, samstundes som dei går inn i ein krevjande strategiprosess. Situasjonen er med andre ord ikkje heilt ulik Helse Førde.

– Vurderinga var at vi rett og slett måtte få meir oversikt kring det enkelte sjukehus og ta eit steg tilbake for rett og slett få dei resultata vi ynskjer, seier Ørmen Johnsen.

Slit med overforbruk

Dei lokale direktørane som skal overvake økonomien og kvalitet på tenestene ved sjukehusa. Vestre Viken slit med eit overforbruk på nær 300 millionar kroner ut frå eit budsjett på 6,6 milliardar kroner.

Styreleiaren legg til at det kan bli aktuelt å gå tilbake til ein klinikkmodell når omstillingane er ferdige om nokre år.

– I den situasjonen helseføretaka er i no, så fann vi det rett, seier styreleiar Ørmen Johnsen.

– Vil vere ei dårleg løysing

Jon Bolstad på styremøte i Helse Førde

NEGATIV: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, vil halde på klinikkdirektørane.

Foto: Bård Siem / NRK

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, vil ikkje innføre lokal leiing på sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid.

– Vi har leiing på sjukehuset. Det han saknar er vel den gamle direktøren og den forma for leiing kjem ikkje attende i Helse Førde. Det er ei dårleg løysing. Vi må hugse på at Sogn og Fjordane har eigentleg berre eitt sjukehus, men vi har fleire inngangar til sjukehuset, seier han.

Treng tydelegare leiing

Bolstad opnar likevel for at Nordfjord kan få ei meir lokal leiing i samband med omstillingsprosjektet ved sjukehuset.

Nordfjord sjukehus har fått 75 millionar kroner over tre år til å skape nye aktivitetar etter at ortopedi og fødeavdeling vart vedteke avvikla.

– Eg har i alle fall tenkt at det er behov for ei tydelegare leiing. Det er ei vurdering vi absolutt gjer når det gjeld Nordfjord, seier han.