- Heilt fantastisk, seier ein tydeleg opprømt Alfred Bjørlo.
- Ønskje om endring
I det nye kommunestyret får partiet hans heile 13 av 29 representantar. Dette er ti fleire representantar enn partiet har i dag.
- Dette er ekstremt. Dette syner det store politiske engasjementet for ei endring, seier han.
Bjørlo forklarar framgangen med blant anna at folk er opprørte over det som har skjedd med sjukehuset.
Her er resultatet frå
Får både ordførar og varaordførar
Venstre og Høgre har på rekordtid gjort unna forhandlingane om fordeling av verv. Tidleg på valnatta kunne Venstre-veteran Gunvald Ludvigsen vise fram ein handskriven avtale mellom Venstre og Høgre.
Den avtalen inneber at Venstre får både ordføraren i Alfred Bjørlo og varaordførar, medan Høgre får ein ekstra representant i formannskapet og ein utvalsleiar.
Dei to partia opnar døra på gløtt for samarbeid med Senterpartiet, men førstekandidaten til Sp, Sigurd Reksnes, har førebels sagt nei takk til tilbodet.
Artikkelen held fram under biletet)
Ap den store taparen
Den store taparen i valet i Eid er sitjande ordførar Sonja Edvardsen frå Arbeidarpartiet. Ho fekk berre 8,5 av røystene og mister seks representantar i kommunestyret.
Ap har fått mykje kritikk for at helseministeren har godkjent det nordfjordingane meiner er ei nedbygging av lokalsjukehuset.