Hopp til innhold

Bjørlo inn i sjukehusaksjon

Venstre sin ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo, melde seg måndag inn i den nye medlemsorganisasjonen for Nordfjord sjukehus.

Nordfjord Sjukehus

HELD FRAM: Kampen for Nordfjord sjukehus held fram i form av ein ny medlemsorganisasjon. Der ynskjer også Venstre sin ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo, å vere med.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Nordfjordingane prøver å stable på beina ei ny aksjonsgruppe som skal kjempe for tilbodet ved Nordfjord sjukehus. Nyleg bestemte Regjeringa seg for å leggje ned ortopedien og å erstatte fødeavdelinga med ei jordmorstyrt fødestove.

Alfred Bjørlo

MELDER SEG INN: Ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

Ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo, avviser at han melder seg inn for å styrkje ordførar-kandidaturet.

- Eg gjer det av den grunn at no byrjar ein på ein måte på nytt å organisere sjukehusaksjonen i Nordfjord. Hadde organiseringa vore som den var tidlegare, så hadde nok ikkje eg meldt meg inn om eg var ordførarkandidat eller ikkje, seier han.

- Ver ærleg

Fylkestingsrepresentant og styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, trur ikkje på at Bjørlo ikkje har baktankar med å melde seg inn.

Harry Mowatt

VIL STYRKJE: Harry Mowatt, meiner Alfred Bjørlo bør vere ærleg om kvifor han går inn i den nye medlemsorganisasjonen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Eg tykkjer Alfred hadde stått mykje betre på å vere ærleg på det punktet. Det er vel sikkert veldig greitt. Det vil styrkje han i valet, seier Mowatt og meiner Bjørlo må passe seg for ikkje å byggje opp under sjikanerande metodar.

Vil ikkje ha noko med sjikane å gjere

Det har tidlegare komme fram på NRK.no at sentrale politikarar og styremedlemmer i Helse Førde har blitt trakasserte av sjukehusforkjemparar.

Bjørlo ønskjer ikkje å bli assosiert med den slags framferd.

- Grunnen til at eg går inn no, er at eg opplever at dei no byrjar på nytt - dei inviterer nye folk inn og får på plass nytt styre, seier han.

- Kva om sjikaneringa held fram?

- Eg vil ikkje kunne vere medlem av ein organisasjon som held på med slikt. Skal det vere poeng med ein slik organisasjon, må vere ryddig, sakleg og ha fagleg dekning i det ein driv med. Vi må jobbe på lag med heile regionen, seier Bjørlo.

LES OGSÅ:

- Kjem di rolle som ordførarkandidat i konflikt med ei slik gruppe?

- Ein prøver å gjere dette til ein folkeorganisasjon. Det er min bakgrunn for å gjere dette, seier Bjørlo.