NRK Meny
Normal

Bjørlo fann «ny» sommarfugl

Ingebjørg Bjørlo fann ein sjelden sommarfugl på Stadlandet og får stadfesta av ordførar- og biologpappaen sin at arten er ny i Sogn og Fjordane.

Bjørlo fann sjeldan sommarfugl

OPPDAGA PÅ TUR: Ho-sommarfuglen til venstre er ikkje registrert i Sogn og Fjordane før. Ingebjørg Bjørlo fann fuglen på Stadlandet.

Til vanleg er Alfred Bjørlo ordførar i Eid. Men han er også utdanna insektbiolog. På tur med familien til Ytre Fure på Stadlandet søndag ropte dottera Ingebjørg på han fordi ho la merke til ein litt merkeleg sommarfugl i graset i sjøkanten.

– Ho ropte fordi den såg litt stor og spesiell ut. Eg hadde aldri sett ein slik sommarfugl før og tok bilete, seier Alfred Bjørlo.

Insektbiolog

Bjørlo er utdanna insektbiolog. Vel heime kasta han seg over insektbøker. Der fann han til si store overrasking ut at sommarfuglen ser ut til å vere ein art som ikkje er kjent frå Sogn og Fjordane frå tidlegare.

Det viste seg at arten heiter «Maniola Jurtina» eller «Rappringvinge» på norsk. I litteraturen står det nordgrensa for arten si utbreiing er Hardangerfjorden. Sommarfuglen Bjørlo såg, er altså aldri tidlegare blitt rapportert i Sogn og Fjordane.

– Dette er ein art som er vanleg sør i Europa og sjelden i Norge, seier Bjørlo.

Ny art

På den norske nettsida «Artsobservasjoner», der biologar landet rundt legg inn sine funn er ikkje Rappringvinge tidlegare registrert i Sogn og Fjordane.

– Så dette er rett og slett ein ny art for Sogn og Fjordane, funne ytst i havgapet på Stadlandet, sier Bjørlo.

Han trur ikkje sommarfuglen berre har dukka opp i fylket no.

– Mest av alt fortel dette noko om kor dårleg kartlagt det biologiske mangfaldet i fylket vårt er og kanskje spesielt på kysten. Og kor mange «skattar» som lurer ute i naturen for den som leitar, seier Bjørlo.

– Kva kjennerteiknar denne sommarfuglen?

– Det er eit karakteristisk fargemønster på han med ein bakvinge som er oransje med ein stor svart flekk med kvitt i midten. Og så er han knytt til grasenger fordi larvane et gras. Og det tydeleg forskjell på hann- og hokjønn. Den vi såg var ei ho, fortel Bjørlo.

– Kva sa dattera di til funnet?

– Ho tykkjer det er veldig artig, spesielt når det er det fyrste funnet i Sogn og Fjordane nokon gong. Det er noko ekstra med å oppdage nye ting som viser at naturen her er meir mangfoldig enn kva som kjent frå før.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.