NRK Meny
Normal

Mot Johan måtte bjørka gje tapt i VM-kampen

Medan vertsnasjonen Brasil målte krefter mot Kroatia i opningskampen, kjempa Johan Bengtsson sin eigen kamp mot ei bjørk for å få sett VM-opninga.

Johan Bengtsson

TOK KAMPEN: Johan Bengtsson opplevde alle fotballentusiastars mareritt. Då VM-kampen skulle starte, hadde han berre svart skjerm.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Den regntunge bjørka hindra nemlig TV-signala å nå fram til tunaren og TV-skjermen.

Med berre minuttar til avspark på Arena Corinthians, tok Johan Bengtsson opp kampen - med ei rusta handsag.

– Det var berre ein ting å gjere. Ut i skogen og sage den den. No får eg i alle fall sjå resten av meisterskapen, seier han med eit smil.

Signala kom

Med både øks og motorsag på utlån, gjekk ikkje jobben heilt utan problem sjølv om treet berre var kring 15 centimeter i diameter. Treet hella og den rustne handsaga sette seg fast.

(Artikkelen held fram under videoen)

Då bjørka hindra signala, så Johan Bengtsson ikkje fekk sjå VM-opninga mellom Brasil og Kroatia, måtte den til pers.

VISSTE RÅD: Johan Bengtsson måtte fram med den rustne handsaga si for å få sett opningskampen mellom Brasil og Kroatia i fotball-VM. (FOTO: GRO RAVNESTAD/NRK)

– Då eg fekk løyst saga og fekk starte opp att frå andre sida, tok det ikkje så lang tid, seier Bengtsson som stod i skogen då Marcelo sette ballen i eige nett.

Bjørka tapte for Johan Bengtsson

TAPTE: Bjørka var ikkje særskilt stor, men stor nok til å hindre TV-signala å nå fram.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Der stod han framleis då Neymar dunka inn utlikninga for Brasil etter halvtimen.

Så kom signala

– Kona mi følgde kampen på radio, men i det treet gjekk i bakken kom biletet på TV-skjermen. Då scora også Brasil sitt første mål, ler han.

– Det var stor stemning, held Bengtsson fram og fortel han lenge har hatt mistanke til at den aktuelle bjørka er syndaren for dei tidvis dårlege TV-signala.

– Bjørka står akkurat i den retning som parabolen peikar. Den er blitt større med åra, og det er spesielt ved regn at vi oppdagar dårlege signal, fortel han.

– Trea lever farleg

– Eg skjønte fort kva tre det var snakk om, så då sette eg berre i gang, seier Bengtsson. Som vann sin kamp mot bjørka i Førde, medan Brasil vann sin kamp på Arena Corinthians i São Paulo.

Vel benka framfor TV-skjermen gav han Facebook-venene eit aldri så lite referat frå sin eigen kamp:

VM-premiere, regn. Vi har hatt problem med mottaking også av ein skygge frå ei bjørk ved regnver den siste tida. Kl 22.00. Katastrofe, TVen var svart. Ut med sag. Har lånt ut den skikkelege vedsagen og fant ikkje øksene. Tok ei vanleg snikkarsag. Tok litt tid. Kl 22.30 - Sorry, Bjørka, i kveld var Kroatia - Brasil viktigare. Og så vert det litt ved etterkvart.

Johan Bengtsson / Facebook

– Og dersom det no skulle bli meir problem med signala?

– Saga har eg her, og etterkvart får eg tilbake vedsakene. Så her lever trea farleg.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy