Hopp til innhold

Bjørg sitt 50 år lange medlemskap i KrF over etter skjebnevalet

Etter 51 år som medlem i KrF, melde Bjørg Frøisok Bjøberg seg ut då partiet gjekk inn for regjeringssamarbeid med Høgre og Frp.

Ropstad, Bollestad og Hareide på landsmøte i KrF 2.11.2018

NEDERLAG FOR FLEIRE: Retningsvalet gjorde at partileiar Knut Arild Hareide går av. Valet var eit nederlag for fleire.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

– Eg er veldig, veldig skuffa. Eg blei eigentleg sint over partiet sitt val, og eg står fast ved min reaksjon, seier Bjørg Føisok Bjøberg.

Ho har vore medlem i KrF i 51 år, og 18 av desse åra har ho vore lokalpolitikar i Balestrand. Det var ein vemodig, men naudsynt handling å melde seg ut av det gule partiet, meiner ho.

– Hovudårsaka er at eg ikkje kan stå for dei verdiane Frp har. Og å bryte lovnaden om å ikkje gå inn i regjering med Frp. Den lovnaden har vore viktig for veldig mange, seier Bjøberg.

– Dessutan står den blå sida for ein politikk eg ikkje kan gå god for.

– Modig av partileiaren

Under det ekstraordinære landsmøtet fredag, stemte KrF for eit regjeringssamarbeid med Høgre, Frp og Venstre.

– Å gjere dette midt i ein stortingsperiode synest eg går på tvers av kva vi skal forvente av partiet, seier Bjøberg.

Retningsvalet førte til at partileiar Knut Arild Hareide går av. Bjøberg synest det er trist å miste han som leiar av partiet.

– Eg er veldig lei meg for at Hareide går av. Han har vore modig. Eg synest det var fantastisk at han stod opp for dette, sjølv om han kanskje såg at det gjekk den vegen det gjekk. Tala hans i etterkant var ein stor politikar verdig, seier ho.

Bjørg Frøisok Bjøberg

FÅTT NOK: Bjørg Frøisok Bjøberg har fått nok etter 51 år i KrF.

Foto: Privat

Ei symbolsk handling

No er det vemodig å forlate partiet ho har vore eit trufast medlem av i over 50 år.

– Eg har fått mange brune konvoluttar opp gjennom åra, og sjølv om eg berre har vore eit støttemedlem dei siste åra, har partiet alltid fått mi stemme. Det var ikkje lett og eg føler meg i lause lufta no, men dette er ei symbolhandling.

For ho er det viktig at Noreg er eit kristent land.

– Når vi berre blir meir og meir sekularisert synest eg det er desto viktigare å ha eit kristent parti, seier ho.