Hopp til innhold

Bjarte Hauge tapte i retten – må ut seinast 10. april

Bjarte Hauge vart fjerna frå jobben som leiar for Konfliktrådet i Sogn og Fjordane og saksøkte staten for å få att jobben. Men oppseiinga er gyldig, meiner retten. Dette blir anka, svarar Hauge.

Bjarte Hauge, leiar for konfliktrådet i Sogn og Fjordane

MÅ GÅ: Bjarte Hauge vart fjerna frå stillinga si og har tapt rettssaka han la mot Justisdepartementet for å få att jobben. Hauge har formelt sete i stillinga sidan han vart fjerna. Retten slår fast at han må forlate jobben seinast 10. april, sjølv før dommen er rettskraftig.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Justisdepartementet fjerna sommaren 2016 Bjarte Hauge frå stillinga som leiar i Konfliktrådet i Sogn og Fjordane etter påstandar om omfattande og langvarige problem ved leiarstilen hans.

Justisdepartementet meinte han er «varig uskikket» til stillinga. Bakgrunnen er ifølgje Regjeringsadvokaten, omfattande og langvarige problem med arbeidsmiljøet ved Konfliktrådet i fylket. Dette skal ha ført til mistrivsel og mistillit blant tilsette og meklarar. Samarbeidsproblema skal og ha ført til sjukmeldingar.

– Dommen er veldig einsidig framstilt og den vil bli anka. Eg kan ikkje godta eit slikt resultat, seier Bjarte Hauge til NRK.

Han legg til at han gjerne skulle ha svart for seg i media, men sidan saka får ein ny runde i rettssystemet, er han blitt rådd frå dette.

Hevda sakshandsamingsfeil

I eit skriv til Oslo tingrett skreiv advokat Kari Sigurdsen, på vegner av Regjeringsadvokaten, følgjande: «Hans faglige utførelse av rollen som leder har vært betydelig lavere enn hva som forventes og kreves av en som innehar ein slik stilling».

Dette var Bjarte Hauge direkte usamd i. Han var usamd i påstandane som ligg føre og at det skal danne grunnlag for å seie han opp.

Advokaten Elisabeth Dolva Sandøy i Arbeidsrettsadvokatene meinte det rettsleg sett er ein svært høg terskel for å seie opp ein tenestemann i staten. Og at sakshandsamingsfeil var med på å gjere vedtaket om oppseiing ugyldig.

No er dommen kommen og retten finn at oppseiinga av Bjarte Hauge er gyldig.

Slutninga i dommen blir at Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet blir frifunnen.

Må gå uansett

Retten legg til grunn at det i Hauge sin periode som konfliktrådsleiar har vore omfattande og alvorlege problem med samarbeid og arbeidsmiljø. Problema relaterer seg særleg til forholdet mellom Hauge og alle tre tilsette ved kontoret.

Det har vore ein omfattande dokumentasjon i saka, og saka har vore belyst gjennom en relativt brei vitneførsel, skriv retten.

Hauge har formelt sete i stillinga sidan han vart fjerna i fjor sommar. Retten slår fast at vedtaket om oppseiing skal setjast i verk sjølv før vedtaket er rettskraftig. Og at han formelt må forlate jobben seinast 10. april.