NRK Meny
Normal

Bjarne hugsar best då tannlegen kom. Kva er ditt skuleminne?

Kanskje er det lukta av krit eller læraren si parfyme du hugsar best? Eller er det skulevegen, der du somla og sparka stein saman med kameratane dine? No vil fylkeskommunen høyre dine skuleminner.

Ein slik stol er det Bjarne Haugen hugsar frå si skuletid.

SKULE: På 40-talet kom tannlegen til skulane rundt om. Med seg hadde han denne stolen som vart operert ved hjelp av trøpedal, og ikkje elektrisitet. Truleg eit skuleminne av den mindre behagelege sorten for mange.

Foto: Ukjend/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

For 79 år gamle Bjarne Haugen frå Atløy har eit heilt spesielt minne festa seg på netthinna. Då han var liten kom nemleg tannlegen på besøk til skulen ein gong i året. Og på Atløy var det ikkje elektrisk straum på den tida.

Bjarne Haugen

STERKE MINNER: Det årvisse besøket av tannlegen i skuleåra på Atløy, har brent seg fast hos Bjarne Haugen.

Foto: Privat

– Far min køyrde stolen og alt utstyret tannlege trengde med hest og kjerre. Utstyret vart plassert i skulestova, og tannlege trødde maskina. Eg hugsar dei rørlege armane og snorene på den, og korleis han styrte for å treffe der han skulle, humrar han når han fortel historia si til NRK.

Sjølv om han kan sjå tilbake på det med glimt i auget no, er det lite truleg at latteren sat laust hjå elevane på Atløy den dagen.

– Glasa i skulestova stod opne, og dei som venta på tur var ute og leika. Nervøsiteten var vel like stor som det var smertefullt, og då det tok til med brøling og roping frå meg, så gjekk tannlege for å late att glasa så eg ikkje skulle skremme dei andre.

Og det er slike historier Sigrun Espe vil samle så mange som mogleg av. Ho er prosjektleiar for "Skulen min".

Sigrun Espe

SKULEMINNER: Sigrun Espe har allereie late seg imponere over kva folk hugsar frå si skuletid, men er stadig på jakt etter fleire gode historier frå skulekvardagen.

Foto: Picasa

Jaktar dei gode historiene

– Folk er veldig opptekne av skule og skulehistorie for det er ein stor del av folk sine liv.

Saman med Fylkesarkivet skal fylkeskommunen samle inn og formidle skulehistorie frå heile fylket. For når folk kontaktar dei er det ofte med spørsmål om det gamle skulehuset sitt eller om det finst noko informasjon om skulen frå ein bestemt periode.

Skriftlege kjelder, dokument og foto finst det litt eller mykje av, men no vil dei også samle inn dei personlege historiene. Prosjektet skal først og fremst samle inn materiale frå 1739 og fram til midten av 1960-talet.

Alle elevane skulle ta tran på skulen, men det var ikkje spesielt populært. Saman med ein kompis tok ein elev med seg ein sprettert og klatra opp i ein stege. Der skaut dei inn loftsvindauget på skulehuset, og knuste slik ikkje berre ei, men mange tranflasker. Der flaut tranen ut over heile golvet på skulehuset og skapte furore.

Elev ved skule i Hyllestad / Sigrun Espe

– Krydderet, det som gjer at folk er så engasjerte er gjerne dei personlege minna. Når vi les dagbøker frå lærarar på 1800-talet, så får vi eit spanande innblikk i historia, men det er når ein pratar med folk at ein får dei gode historiene, seier Espe.

Imponert over detaljkunnskapen

Sidan i fjor sommar har Hyllestad vore pilotkommune for innsamling. Folk har late seg engasjere, og kan fortelje i detalj om faga, skulevegen, leikar eller ramse opp namn på lærarar frå langt tilbake i tid.

– Folk hugsar meir og meir når dei snakkar om det.

Neste kommune ut er Stryn, men målet er å få så mange som mogleg engasjerte, slik at ein til slutt har ei stor samling på nett med historier, bilete, lyd og skriftlege kjelder.

– Det er ei utømmeleg kjelde.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy