Hopp til innhold

Camilla var berre centimeter frå å sikre poeng

Kaupanger sine fotballdamer låg lenge an til sesongens første poeng i heimekampen mot Lyn. Avgjerda fall fire minuttar før slutt. I favør av Lyn.

Camilla Ervik

SKUFFA: Kaupanger sitt 1. divisjonslag for damer hadde eitt poeng i lomma, men ei skuffa Camilla Ervik (19) konstaterer at marginane ikkje var på deira side.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Heimelaget overraska positivt med aggressivt banespel, og hadde lenge eitt poeng i lomma i 1. divisjonsoppgjeret mot osloklubben. Etter to kampar spelt, står dei likevel med null poeng etter 0-1-tapet for Lyn.

Medan Lyn avslutta over for ope mål, var det berre stolpen som hindra Camilla Ervik å gje Kaupanger leiinga før kvilen.

– Då vart eg sint. Det var kjipt, seier 19-åringen frå Eid.

– Spelte ein god kamp

Førsteomgangen vart jamn og mållaus, der begge lag missa på kvar sin gedigne sjanse til å få hol på byllen.

Etter kvilen produserte Kaupanger fleire store sjansar. Fire-fem i talet, og noko meir enn Lyn.

Likevel var det gjestene som trekte det lengste strået då dei scora fire minuttar før full tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kaupanger - Lyn

VAR BEST: Kaupanger var hakket betre enn Lyn i oppgjeret på Kaupangerskogen. Likevel var det gjestene som tok alle poenga.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

– Eg tykkjer det var skikkeleg ufortent. Vi spelte ein bra kamp, så det er seigt, seier Ervik etter årets andre strake tap.

– Frykteleg bittert

– Vi har ikkje marginane med oss i dag. Det er kjipt, legg 19-åringen til.

Per Are Verlo

DEBUTERTE: Førre helg debuterte Per Are Verlo som Kaupanger-trenar med tap. Også heimedebuten enda i null poeng.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Lyn kom til Kaupangerskogen etter 5–2 over Fløya i sesongpremieren. Heimelaget tapte på si side 2–4 for Øvrevoll Hosle.

Per Are Verlo hadde håpa på ein annan heimedebut som Kaupanger-trenar.

– Det er frykteleg bittert når eg føler vi gjer meir enn nok til å vinne kampen. I alle fall å få med oss eitt poeng, seier han og vedgår at han hadde ei dårleg kjensle i forkant av målet.

Hadde ei dårleg kjensle

– Vi gav vekk for mange daudballar til Lyn. Det blir vi straffa veldig hardt for, seier han og meiner det ikkje er nokon grunn til å allereie no gå vekk frå målsetjinga om å gjere det betre enn fjorårets 9. plass.

Lyn er rekna for å vere av dei betre laga i divisjonen.

– Mot Øvrevoll Hosle hang vi med og kampen stod å bikka til 87. minutt då dei fekk 4–2. I dag følgjer vi Lyn heilt til døra, så eg er overbevist om at vi held nivået i massevis. Det er berre litt marginar som skal til før vi byrjar å plukke poeng, seier han.