Hopp til innhold

NSB betalar 10 millionar for ny Flåmsbane-avtale

Den bitre konflikta mellom Aurland ressursutvikling og NSB enda i dag med at NSB la 10 millionar kroner på bordet og får 50 prosent av aksjane i selskapet som driv Flåmsbana.

Endeleg løysing på bitter strid om Flåmsbana

Det vart i dag semje om Flåmsbane-avtale mellom NSB og Aurland Ressursutvikling.

Det stadfestar ordførar i Aurland, Noralv Distad, overfor NRK. Det som såg ut som ein uløyseleg konflikt, fekk dermed eit overraskande utfall.

– No er vi samde om vidare drift av Flåmsbana og at NSB kjøper 50 prosent av aksjane i Flåm Utvikling AS, og at vi då skal drive denne bana saman, fortel sjef for persontog i NSB, Tom Ingulstad, til NRK.

– God framtid saman

– Var det vanskeleg å bli samde?

– Møtet fann stad i ein god tone og vi er samde no om at vi har ei god framtid saman. Dette har jo og med å gjere at det har vore gjort eit langvarig og godt arbeid i Flåm. Når ein skal ut av ein 15-årig avtale og inn i ei ny framtid, så er det veldig mange spørsmål som må avklarast. Det klarte vi, sler Ingulstad fast.

Han seier at dei no saman med miljøet i Aurland og Flåm skal utvikle Flåmsbana til eit reiselivsprodukt som skal gje ein enda større effekt for NSB og lokalsamfunnet.

– Vi måtte finne ein god måte å regulere dette økonomisk på, det er mykje pengar i biletet her, seier Ingulstad.

Noralv Distad og Flåmsbana

SVÆRT NØGD: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), kunne sleppe jubelen laust etter at han var med og sikra ny avtale for lokal drift av Flåmsbana.

Foto: Vidar Gudvangen (Montasje) / NRK

– Svært godt nøgd

I eit intervju med NRK i ettermiddag stadfestar ordførar Noralv Distad at det har vore utfordrande forandlingar, men at NSB til slutt gjekk inn i avtalen som deleigar av Flåm Utvikling med ein prislapp på 10 millionar.

– Eg er svært godt nøgd. Vi reiste til Oslo med optimisme, det slo til og det er ein glad ordførar som no kan reise attende til Aurland etter å ha vore med på å få til ein veldig god avtale som sikrar drift av Flåmsbana, seier Distad.

– Verdifull avtale

– Kva får kommunen ut av den nye avtalen?

– Aurland kommune er jo ein av eigarane i Aurland Ressursutvikling og på den måten også eigar inn i Flåm Utvikling. Det er veldig verdifullt for næringslivet og for innbyggarane i Aurland at Flåmsbana no går vidare med fornya styrke. Så dette her er eit kjempegodt resultat.

Ordføraren, som sjølv har jobba mange år med reiselivsutvikling i regionen, meiner at dette er ein avtale som alle skal kome godt ut av.

– NSB stadfestar no sitt engasjement ved å gå inn i Flåm Utvikling og blir aksjonær der på lik linje med Aurland Ressursutvikling. Det er ei veldig god løysing som viser NSB si vilje til å satse vidare på Flåmsbana, seier Distad.