NRK Meny
Normal

Bistandsadvokat: Vanskeleg dag for familien

Familien til sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet har hatt kontakt med politiet i heile dag, etter funnet av ei død kvinne i Sogndal. No håpar familien å få svar på kva som har skjedd med 22-åringen.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNNSTAD: I dette området vart ei død kvinne funnen i ettermiddag. Både politiet og familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet ventar på svar frå obduksjonsrapporten.

Foto: Christian Blom/Privat / NRK

– Familien har det veldig tøft, seier Synne Catrin Øren.

Ho er bistandsadvokat for familien til sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet. Familien har i snart tre veker venta på svar på kva som har skjedd med henne.

Har kontakt med politiet

Veronica Heggheim Stegegjerdet

KØYRER VEKK: Det som skal vere Sogn gravferdshjelp sin bil køyrer vekk frå funnstaden.

Foto: Christian Blom

Sidan Heggheim Stegegjerdet vart meld sakna tysdag 28. oktober har det vore gjennomført omfattande leiteaksjonar og poltietterforsking.

I dag fann politiet ei død kvinne i Barsnesfjorden, i nærleiken av bustaden til den sakna kvinna.

Politiet vil ikkje stadfeste om det er Heggheim Stegegjerdet som er funne, og ventar på obduksjonsrapporten frå Gades institutt.

– Vi har hatt kontakt med politiet i heile dag. Familien forheld seg til den informasjonen vi til ei kvar tid får frå politiet, seier bistandsadvokat Øren.

Skal ha vore utsett for trugslar og vald

NRK kunne tidlegare i dag fortelje at Veronica skal ha blitt utsett for trugslar og vald. Trugsmåla og valden ho vart utsett for skal ha kome frå eit belasta miljø i Sogndal.

NRK veit at politiet i Sogn har hatt eit ekstra fokus retta mot ein del personar i Veronica sin utvida omgangskrins etter forsvinninga. Fleire av desse har vore inne til avhøyr på Sogndal lensmannskontor.

Avhøyra skal vere ein viktig del av politiet sitt arbeid med å prøve å kartleggje den sakna kvinna sine rørsler både i tida før ho forsvann, men også i dagane som gjekk frå ho sist blei sett laurdag 25. oktober til ho formelt vart meld sakna 28. oktober klokka 16.49.

NRK har konfrontert politiet med opplysningane om vald og trugslar fleire gonger, men politiet har ikkje villa kommentere det. Heller ikkje fredag kveld vil lensmann Asle Karoliussen svare på dette.

– Eg har ingen kommentarar. Vi har jobba breitt og etterforska opplysningar som vedrører forsvinninga og den sakna kvinna. Så får vi sjå kva svar vi får på dei ulike problemstillingane etter kvart, og kva utfordringar det gir oss vidare, seier han.

NRK presiserer at ingen av dei som har vore til avhøyr i forsvinningssaka har status hos politiet som noko anna enn vitne.

(Artikkelen held fram under videoen)

Politiet gjorde funn av ei død kvinne i Barsnesfjorden i samband med leiteaksjonen etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNN: Til venstre, på andre sida av fjorden, vart ei død kvinne funnen i ettermiddag. Til høgre køyrer politiet sin bil vekk frå funnstaden. Foto: Steinar Lote/Christian Blom

– Fleire spørsmål enn svar for familien

Det er ikkje meldt om andre sakna personar i Sogndal. Men bistandsadvokaten seier familien, som politiet, no ventar på svaret frå obduksjonen.

– Kvinna som vart funne er ikkje identifisert, men det er klart at dette er ein vanskeleg dag for familien.

Det familien ønsker meir enn noko anna er å få vite kva som har skjedd med Veronica Heggheim Stegegjerdet.

– Dei håpar å få svar på kva som har skjedd. Uavhengig av dagens funn er det framleis fleire spørsmål enn svar, seier Øren.

Lensmann Asle Karoliussen vil ikkje seie om dei mistenker at noko kriminelt har skjedd.

– Vi har ikkje noko meining om det så langt. Vi har gjort eit funn, og så får vi ta det vidare sett i forhold til dei opplysningane funnet gir oss når vi får gjort dei undersøkingane vi må gjere, seier Karoliussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast