Hopp til innhold

– Familien ber om ro i ei tøff tid

Ann Mari Bjørlo, bistandsadvokaten til den fornærma 15 år gamle jenta i utuktssaka på Nordfjordeid, ber om forståing for at jenta og familien ønsker ro.

Valdtekt etterforsking

FLEIRE STADER: Politiet undersøkte fleire stader i sentrum av Nordfjordeid på søndag, før dei arresterte tre menn søndag kveld.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– Det er ei tøff tid. Jenta og familien ber om ro, seier Bjørlo i ein kort kommentar til NRK tysdag ettermiddag.

– Forstår at politiet må gjere jobben sin

I dag fortalde politiet at dei tre mennene – to 19-åringar og ein 17-åring – som er sikta for seksuell omgang med barn under 16 år vedgår å ha hatt seksuell omgang jenta, men at dei ikkje erkjenner straffeskuld.

– Siktinga blir verken utvida eller fråfallen. Når det gjeld straffeskuld blir det påstått at omsynet til alder og utvikling tilseier at dei ikkje erkjenner straffeskuld. I alle fall ikkje no, seier politiadvokat Sissel Kleiven.

Forsvararen til ein av dei sikta, Elisabeth Elliott, seier tysdag kveld at dei tek avgjerda til politiet til etterretning.

– Det er tungt for min klient med ei slik sikting og tungt at siktinga står ved lag, men han forstår at politiet må gjere jobben sin, seier ho.

Ikkje kjent med nye avhøyr

Det var natt til søndag at jenta melde valdtekt til politiet på Nordfjordeid. Dei tre mennene vart arresterte søndag kveld, og måndag vart dei sikta for seksuell omgang med jenta. Etter avhøyr vart dei lauslatne i løpet av måndag ettermiddag og kveld.

Jenta har tilknyting til Nordfjordeid, men er busett ein annan stad i landet. Dei tre som er sikta i saka bur alle i Nordfjordeid-området.

Elliott seier at ho på noverande tidspunkt ikkje er kjent med at det vil bli gjort fleire avhøyr av klienten hennar.

– Slik eg har forstått det blir det dommaravhøyr av fornærma i løpet av veka. Det er ikkje varsla nye avhøyr av min klient, seier forsvararen.