Biskopen måtte sjå seg slått i VM i skiskyting

Denne helga er biskop Halvor Nordhaug i Vik, men kor tid på dagen han har booka inn møter og aktivitetar er ikkje tilfeldig. VM i skiskyting går føre det meste.

Biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, prøver seg på skiksyting for første gong.

STANDPLASS: Biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug får kyndig rettleiing av Asbjørn Hønsi. – Det er vanskelegare enn ein trur, seier han etter å ha prøvd seg på store blinkar.

Foto: VIK IL

– Du, kan vi ta det igjen? Det er midt i skiskytinga no, svarar biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, når NRK vil snakke med han om hans store sportsinteresse.

For det er ikkje særleg strategisk å ringe ein mann som legg opp avtalane sine etter sportsarrangement, midt i ein spanande skiskyttar sprint. Biskopen i Bjørgvin er faktisk så glad i sport at viktige idrettsarrangement blir plotta inn i kalenderen og møter tilpassa deretter.

– Det er rart kva ein får til om ein vil. Eg prøver å få oversikt over øvingane, spesielt i store meisterskapar som VM i fotball, VM på ski eller OL, og nokre gonger blir det kollisjonar. Men med litt planlegging så får ein til mykje, seier Nordhaug.

Klart for uhøgtidleg VM-duell i skiskyting i Vik

VM: Skiskytargruppa i Vik inviterte til duell på stadion for dei uerfarne skyttarane på bispevisitas. Biskop, prest, prost, kyrkjefagsjef og rådmann måtte alle tryggleiksklarerast før dei kunne stille seg opp på standplass.

Foto: VIK IL

Debuterte på standplass

Favoritt sporten er fotball, men om vinteren ser langrenn og skiskyting av favorittane. Denne helga er han i Vik, som har eit blomstrande skiskyttarmiljø. Så inn i mellom avtalar og skiskytar-VM i Oslo på TV, tok biskopen del i eit litt anna VM.

– Det var moro. Vi prøvde med barneutstyr, og på liggande med stor blink då trefte eg. På ståande hadde eg berre ein treff, det er vanskelegare enn ein trur, seier Nordhaug.

For i ein meir uhøgtideleg VM-meisterskap (Vikmeisterskap) for presteskapen vart biskopen slått av prosten. Biskop, prost, prest, kyrkjefagsjef og rådmann møttest i duell.

– Alle hadde ei sporty innstilling til det, og fekk det til, fortel Jorunn Åsfrid Røyrvik, leiar i ski- og skiskytingsgruppa i Vik.

Biskop Halvor Nordhaug og Ragnar Finden og Eirik Markus Rinde.

FRAMTIDA: Biskop Halvor Nordhaug let seg imponere over dei unge skiskytarane Ragnar Finden og Eirik Markus Rinde

Foto: VIK IL

Gruppa hadde også ordne med ei eiga helsing frå bygda si store skiskytarstjerne, Ann Kristin Flatland, noko biskopen sette stor pris på. Med seg i bagasjen heim frå Sogn kan biskopen no også ta med seg ei eiga hue, signert nokre av juniorane i Vik. No har han endå ein grunn til å følgje med på sporten i åra framover.

– Når dei blir verdsmeistrar, så blir nok den veldig verdifull.