NRK Meny
Normal

Biskopen avviser yoga-åtvaring mot kristne

Yoga kan opne deg for å bli besett av vonde ånder. Det meiner pastor og leiar i Fjaler Frp, Magnar Hellesøy - og møter motbør frå biskopen i Bjørgvin.

Halvor Nordhaug

AVVISER: Biskop Halvor Nordhaug deler ikkje Magnar Hellisøy sitt syn på yoga som ein trussel for den kristne kulturarva.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er i dagens Firda at Magnar Hellesøy åtvarar mot å drive med den stadig meir populære trenings- og meditasjonsmetoden.

For pastoren er ikkje yoga berre ikkje-religiøse mentale og kroppslege teknikkar for personleg utvikling. Opphavet frå hinduisme og buddhisme gjer at Hellisøy meiner det er problematisk å kople yoga og kristendom.

– Yoga betyr frelsesvei, og då undrar eg til kva om ein koplar mot kristendomen, seier han til NRK.

– Kvifor kalle det yoga?

Magnar Hellesøy

TILBAKEMELDINGAR: Magnar Hellesøy har fått mange tilbakemeldingar etter oppslaget i Firda. – Det har vore ein herlig lapskaus, men det er heilt normalt når ein seier noko som nokre likar og andre ikkje. Eg likar ein god debatt, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hellesøy meiner ein har ein veg å gå i Norge for å informere om kva yoga eigentleg er. For han er yoga ei religiøs øving og deler partikollega Oddvar Østreim i Froland si frykt for at yoga truar den kristne grunnarven .

Pastoren meiner ein ikkje bør kalle det yoga om ein ikkje legg til det religiøse.

– Kva med dei som brukar dette til trening, som likar muskeløving utan å legge noko spirituelt, åndeleg eller religiøst i det?

– Kvifor kalle det yoga om ein ikkje tek inn det religiøse, for det er religiøst yoga i utgangspunktet er. Det er ikkje noko poeng. Vi har mange gode gymnastikkøvingar, turmoglegheiter og treningsøvingar, som vi har halde på med i mange år før yogastraumen kom inn i landet.

Biskopen avviser

Biskop Halvor Nordhaug deler ikkje sysnpunkta til Hellesøy. Han meiner kristne fint kan drive yoga utan å frykte å bli besett av onde ånder.

– Den yoga som blir praktisert av dei aller, aller fleste i Norge i dag, handlar om kroppsøving og pusteøving som ein gjer for å finne ro sinnet og få avspenningar i kroppen, seier biskopen.

Nordhaug samanliknar yoga med kristen meditasjon og joik som av samar blir nytta til å uttrykke si kristne tru. Han avviser yoga som noko magisk som opnar for vonde makter.

– Det vil på ein måte vere å avsette Gud. For Gud står over alt dette, seier han.

Går til Guds frie natur

– Eg meiner det er god dekning for å seie at yoga som teknikk er nøytral og kan nyttast av kristne på lik linje som av ateistar, muslimar eller hinduar, legg Nordhaug til.

Dette overraskar Hellesøy.

– Eg er litt overraska over at han ikkje ser utfordringa med yoga, som heiter frelsesvei. Ser han på hinduisme og budhisme som vegen til frelse, undrar han.

– Men om du tek med deg Gud i det du gjer, er ikkje det ei frelse?

– Jo, men då går du ikkje til yoga. Då går du til Gud. Ut i guds frie natur, og tek til deg av den. Frå han som har skapt den.