Bilverkstad får skulda for brannen i Skatestraumtunnelen

Oslo tingrett avsa måndag dom i forsikringssaka etter brannen i Skatestraumtunnelen, det melder TV2. Ein bilverkstad får skulda og forsikringsselskapet deira er dømt til å betale 10 millionar kroner.

Brann i Skatestraumtunnelen

TUNNELBRANN: Brannen i Skatestraumtunnelen er den største tunnelbrannen i norsk historie.

Foto: Quirinus Adrichem

Ein bilverkstad får skulda for brannen i Skatestraumtunnelen 15. juli 2015. Det melder TV2.

Det var Oslo tingrett som måndag avsa dom i saka. Ifølgje TV2 er verkstaden sitt forsikringsselskap dømt til å betale 10 millionar kroner.

16.500 liter bensin tok fyr

Brannen i Skatestraumtunnelen oppstod då ein hengar med 16.500 liter bensin losna frå eit vogntog og tok fyr.

Statens havarikommisjon konkluderte med at draget på tilhengaren hadde brotna på grunn av innvendig rust.

Undersøkinga deira avdekka at det under ein kontroll i 2011, vart funne rusthol på draget. Ifølgje havarikommisjonen reparerte verkstaden skadane i strid med det som var fastsett av produsenten då dei sveisa jarnplater over skadane.

På bakgrunn av dette meinte forsikringsselskapet Gjensidige at det var verkstaden som var skuld i ulukka. Det var dette dei fekk medhold i av Oslo tingrett måndag.

Hengarfestet som sleit då hengaren losna

SLEIT: Langvarig rust er årsaka til at ein hengar losna og byrja å brenne i Skatestraumtunnelen i Bremanger 15. juli 2015.

Foto: Quirinus Adrichem

Brannen i Skatestraumtunnelen er den største tunnelbrannen i norsk historie. Tunnelen var stengt frå 15. juli til 9. desember 2015 etter brannen, og det kosta totalt 62,5 millionar kroner å reparere skadane og utbetre tunnelen.