Hopp til innhold

Bilulukke i Naustbukttunnelen

Tre personar vart send til sjukehus etter ei trafikkulukke i Årdal. Vegen er no opna att.

Kø i Årdal

LANG KØ: Det danna seg lange køar på begge sider av tunnelen etter ulukka.

Foto: Christian Blom

Klokka 12 fekk politiet melding at ein einsleg køyretøy hadde køyrt i fjellveggen i Naustbukttunnelen på fylkesveg 53 mellom Tangen og Øvre Årdal.

– Ein person er send til sjukehus, men skadeomfanget er ukjent, seier Morten Rebnor som er operasjonsleiar Vest politidistrikt.

Like før klokka 17 skriv Sogn Avis at tre av personane i bilen vart send til sjukehus i Førde.

Personbilen kom køyrande frå Tangen mot Øvre Årdal har treft fjellvegen og deretter snurra rundt. Politiet kan førebels ikkje seie noko meir om årsaka til ulukka.

– Nei vi kan ikkje det, men vi skal no avhøyre føraren, noko som vert gjort i løpet av kort tid, seier Rebnor.

Politiet er i gang med åstadsundersøkingar. Vegen opna att like før klokka 14.00, melder Vegtrafikksentralen.

https://www.sognavis.no/fem-ungdomar-i-ulukke---tre-til-sjukehus-i-frde

Trafikkulukke i Årdal