Norske bilturistar sviktar. Foto Arild Nybø NRK
Skei er eit trafikknutepunkt i Sogn og Fjordane. Etter ein laber forsesong i fjor vart det endå verre i år med kring 20 prosent omsetnadssvikt fram til fellesferien. Og det er særleg dei norske bilturistane det er færre av, seier Fugle. Han reknar med at det er det dårlege veret som er viktigaste årsaka til svikten.
Det norske "løftet" kom ikkje
- Det såg veldig bra ut med godt trafikk av utanlandske bilturistar fram til skuleferien tok til. Då brukar det å kome eit løft med norske ferierande, men i år kom det ikkje, seier Fugle.
Nedgang både i Sogn og Nordfjord
Kari Hagelin ved Stedje Camping i Sogndal melder om klar turistnedgang der og på førsommaren. Det same gjer Turid Hoddevik ved Furebuda kafe og pub på Leikanger på Stad. Ho og reknar med at det er manglande sommarver i juni som fekk bilturistane til å halde seg unna. - Men den siste veka har det teke seg opp, seier ho.