Hopp til innhold

Biltjuv kræsja - stakk til skogs

Ein 20 år gammal mann totalvraka ein stolen bil natt til søndag, og stakk deretter av til skogs.

Politiet fekk melding om ei bilulukke klokka 02.15 natt til søndag.

På E39 ved Movika i Førde var ein bil totalsmadra. Men politiet fann ingen i nærleiken. Vitne fortalte at dei såg ein mann springe opp i skogen rett etter ulukka.

20 minutt seinare fann politiet tak i bilføraren ved hjelp av sporhund. Mannen var ikkje synleg skada, men vart rutinemessig teken med til legesjekk.

Det vart òg teke blodprøve av mannen, sidan politiet mistenkte at han var rusa medan han køyrde.

Eigaren av bilen hadde meldt den stolen, og politiet seier 20-åringen er mistenkt for dette.