Hopp til innhold

Biltjuv fakka i Årdal

Politiet i Årdal har innstilt leitinga etter ein person som stakk av til fots frå ein stolen bil mellom Øvre Årdal og Holsbru tysdag morgon, opplyser lensmann Kristen Olav Grøttebø.

Lensmann Kristen Olav Grøttebø
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Litt over klokka 11 fakka politiet ein annan person som er mistenkt for biltjuveri og innbrot. Mannen er utanlandsk, og politiet set funnet av ein litauisk bil i samanheng med blitjuveriet og eit innbrot i Øvre Årdal.

Ein minibuss vart stolen inne på tunet til eit bustadhus på Farnes i Øvre Årdal litt før klokka fem tysdag morgon. Eigarane av bilen vakna av at bilen starta og ringde politiet.

Stakk av til fots

Bilen vart litt seinare stansa av politiet på riksveg 53 ved andre tunnelen på veg mot Tyin, men dei som var i bilen stakk av til fots inn i skogen i det ulendte terrenget. Litt over klokka 11 vart ein person funnen. Politiet brukte mellom anna varmesøkande kamera som dei fekk låne på Hydro i leitinga. I tillegg var ein hundeekvipasje frå Hordaland politidistrikt med på å leite etter eventuelt fleire forbrytarar. Men tysdag ettermiddag vart leitinga innstilt og hunden sende heimatt. 

Parfymeinnbrot

I den stolne bilen fann politiet to store vesker med parfyme som var stole frå ein forretning i Øvre Årdal. Innbrotet har skjedd etter at bilen vart stolen, og det gjorde at politiet kunne avskjere flukta til forbrytarane.

Litauisk bil funnen

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kor mange det var i den stolne minibussen, og om dette er kjenningar av politiet. Men på Holsbru lenger oppe på vegne mot Tyin har politiet funne ein litauisk-registrert bil, ein Ford Scorpio. Lensmann Kristen Olav Grøttebø ser ikkje bort frå at denne bilen kan ha samanheng med brotsverka i Årdal. Han ser heller ikkje bort frå at det som skjedde natt til tysdag kan henge saman med fleire uoppklarde tjuveri og innbrot i fylket den siste tida.