Hopp til innhold

Billettsalet for dei store musikkfestivalane overgår fjoråret

Trass i eit varierande sommarvêr så langt, melder fleire av dei største festivalane i fylket om ei auke i billettsal samanlikna med fjoråret.

Malakoff 2017

POPULÆR FESTIVAL: Malakoff er nesten allereie utseld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det fantastiske sommarvêret i fjor gjorde at festivalar rundt om i fylket vart fylt til randa, og fleire av festivalane kunne melde om publikumsrekord. I år har vestlandssommaren enn så lenge ikkje sett like lovande ut, då godvêret så langt har uteblitt rundt om i fylket.

Dette har likevel ikkje hatt ein negativ effekt på billettsalet til dei store festivalane i fylket, som kan melde om ei auke frå same tid i fjor.

Interessa større enn nokon gong

For eit av festivalfylkets store flaggskip, Malakoff Rockfestival, har det i år vore ei enorm interesse. Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal seier det allereie nærmar seg utseld i dei fleste kategoriane.

– Billettsalet går strålande. Vi har hatt ei aukande interesse kvart år, også i år frå folk rundt om i fylket og elles i landet som vil på Malakoff.

Arnt-Ivar Naustdal

NØGD FESTIVALSJEF: – Me jobbar hardt for at det skal verte den beste festivalopplevinga for alle som kjem, seier Naustdal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Han trur det er meir enn godvêret i fjor som spelar inn for at Malakoff sel så godt i år også.

– Vi har vorte utseld dei siste tre åra, gjerne før vêrmeldingane kjem, så eg trur og håpar det handlar om at vi kan tilby eit produkt som veldig mange vil ha, seier festivalsjefen.

Gode prognosar for Norsk Countrytreff

Norsk Countrytreff på Breim hadde rekordår i fjor med 17600 konsertbesøkande.

Mykje folk under konsertane på Norsk Countrytreff

REKORDÅR: Billettsalet ligg godt over fjoråret, der det vart rekord i talet på besøkjande på Norsk Countrytreff.

Foto: Runar Sandnes / NCT

Dagleg leiar Arve Kleppe, seier han har stor tru på at suksessen vil fortsette i år.

– Billettsalet låg vel litt over 10 prosent over fjoråret sist eg sjekka. Eg trur me har ein heading i år som trekkjer godt.

Arve Kleppe

NØKTERN: Dagleg leiar for Norsk Countrytreff Arve Kleppe torer ikkje å spå ny rekord, trass svært lovande salstal til no.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Litt spesielt for året er at Norsk Countrytreff skal arrangere avskjedskonsert for Sogn og Fjordane. Den konserten er nesten utseld allereie. Trass i gode tal torer ikkje Kleppe å setje seg nokon mål om ny publikumsrekord for året.

– Får me rundt 15 000 besøkjande i år, så skal me vere svært nøgd.

Rutinerte arrangørar

Også andre festivalar NRK har høyrt med gjer det særs godt. Både Førdefestivalen, Utkant og Målrock ligg om lag likt eller litt over billettsalet til no samanlikna med fjoråret.

Sjef for Førdefestivalen, Per Idar Almås gler seg over at interessa er så stor for å delta på festivalen som i fjor hadde om lag 25.600 besøkjande. Han har også merka at folkemusikkfestivalen, som er den største i Skandinavia innan sin sjanger, veks i popularitet også blant musikarar.

Frå opningskonserten til Førdefestivalen 2017

SKANDINAVIAS STØRSTE: Førdefestivalen har vorte ein svært populær festival innan folkemusikksjangeren.

Foto: Knut Utler, Førdefestivalen

– Ein merkar at me har ein god standing i utlandet, og at interessa for å spele hjå oss er stor.

Han trur rutine og nytenking forklarar kvifor festivalen gjer det så godt.

– I år feirar me 30-årsjubileum og byrjar å verte rutinerte. Samtidig så klarar me å fornye oss år etter år. Dette må til skal me forsvare tittelen som den største folkemusikkfestivalen i Skandinavia, seier festivalsjefen.