Fyrste nyårsdag verka ingen av billettmaskinene på ferjene i fylket, og det viste seg at alle var feilprogrammerte. Dermed måtte dei reisande få kome over fjorden gratis, seier ferjesjef Svein Solheim.
Selskapet klarde å få orden på systemet i løpet av føremiddagen. Men hadde dette skjedd midt i rush-tida ein vanleg ettermiddag, ville det skapt mykje større vanskar, seier Solheim.
På nokre av ferjestrekningane utløyste dette kreativiteten, og tilsette samla inn fleire tusen kroner til katastroferåka Asia.