Det at momsen på kjøtvarer blir redusert frå 23 til 18 prosent imponerer ikkje landbruksorganisasjonane. Leiar Alf Støfring i Sogn og fjordane Bondelag kallar dette ein kraftig nedtur samanlikna med det han hadde venta.
Norges Fiskarlag reagerer på si side kraftig på at regjeringa ikkje går inn for å redusere momsen også på fisk og fiskeprodukt. Redusert moms berre på kjøt er ein provokasjon mot norsk fiskerinæring, seier økonomisjef Erling Holmeset jr. Han hevdar forslaget fører til ei konkurransevridning som vil svekkje næringa. I tillegg er han uroa for at dette også vil føre til at folk vil ete mindre fisk.