NRK Meny
Normal

Billeg straffe øydela for Sogndal

Sogndal-trenar Eirik Bakke er svært skuffa etter at Sogndal tapte 1–0 på heimebane mot Odd.

Sogndal

SKUFFA ETTER HEIMETAP: Kaptein Rune Bolseth er ikkje nøgd etter 1–0 tap heime mot Odd.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Eg veit ikkje kva eg skal seie, eg er berre utruleg skuffa på vegner av gutane på laget, seier Bakke.

Det er ein tydleg frustrert Sogndal-trenar som møter NRK etter kampen. Før kampen var målet å bli dei første til å score mot Odd. Etter 90 minutt stod det 1–0 til gjestene.

Eirik Bakke

FRUSTRERT: Sogndaltrenar Eirik Bakke

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Det er ikkje første gongen det skjer. Vi møter større lag, og dei får marginane på si side. Det har skjedd to helgar på rad no. Det er utruleg frustrerande at dei får straffe, medan vi ikkje får. Eg skjønnar det ikkje, men dommaren har vel ei forklaring, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..

Heller ikkje kapteinen på laget, Rune Bolseth, legg skjul på at han er skuffa etter kampen.

– Det er klart vi er skuffa. Vi vil helst ha siger. Sjølv om vi møter eit godt lag så er det surt å tape, og måten det skjer på er kjedeleg.

– Då tenker du på straffesparket som dommaren gav til Odd?

– Ja, for meg ser det veldig billeg ut, det meinte dei som var involverte også. Men vi får sjå nøyare på det no i ettertid.

Det skjer i ein kamp der Sogndal sjølve vil ha straffe for to situasjonar, men ikkje fekk det.

– Eg var på så lang avstand at eg ikkje såg det skikkeleg, men eg håpar dommaren har rett, seier Bolseth.

Dette var den andre kampen der dommaravgjerdene ikkje gjekk i dykkar favør?

– Det er kjedeleg, men det syner at vi får meir i Obos-ligaen enn i Tippeligaen. Vi får håpe det er tilfeldigheiter, seier Bolseth.

Laster innhold, vennligst vent..
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser