NRK Meny
Normal

Politiet stogga bilane etter fleire tips

Ein kolonne med bilar frå eit omreisande tivoli vart i ettermiddag stogga på Vassenden i Jølster kommune, etter fleire tips frå folk om lukt av svidd gummi.

Ein tvilsam trailer vart stogga av politiet på Skei i Jølster måndag. Foto: Oddleif Løset.

SJEKK: Politiet undersøkte bilane, og fann at ein tilhengar fekk køyreforbod på grunn av bremsefeil. Foto: Oddleif Løset. Redigering: Steinar Lote.

Bilane kom nordover på E39. Ein mann som tipsa NRK møtte bilane i Førde sentrum.

– Det lukta sterkt av svidd gummi. Og du høyrde lyd av metall mot metall når dei bremsa ved ei rundkøyring. Eg såg åtte til ti bilar totalt i konvoien, seier tipsaren, som ynskjer å vere anonym.

– Kva tenkjer du om at dei køyrer rundt slik?

– Fullstendig uansvarleg. Eg er heilt skremd av at dei legg ut på vegen. Eg er veldig glad dei vart stogga, seier tipsaren.

Ein fekk køyreforbod

Politiet stogga bilane på Vassenden. Dei sjekka identiteten på alle bilane, men gjorde berre tekniske undersøkingar av ein bil.

– Vi hadde fleire konkrete tips på ein enkelt bil. Det var stor røykutvikling. Det var bremsefeil med hengaren, og hengaren har no fått køyreforbod. Dei andre får køyre vidare, seier Gunnar Englund i politiet som var med på kontrollen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politikontroll Vassenden

KONTROLL: Alle bilane vart kontrollerte, og ein tilhengar med bremsefeil fekk ikkje køyre vidare. Dei andre får lov til å køyre vidare.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Inge Værøy, seier politiet framleis er på staden og gjer undersøkingar.

– Eg kan ikkje sei så mykje om kva sjåføren visste om tilstanden til bilen. Men det er uheldig at eit køyretøy som ikkje har den tekniske standarden det skal og må ha køyrer på vegane, seier Værøy.

Han rosar folk som ringjer inn til politiet og tipsar. Denne aksjonen var eit direkte resultat av tips.

Politiet har ikkje avslutta undersøkingane og samtalane med tivoliet sine representantar på staden, og ikkje avgjort om hendinga vil få reaksjonar.

– Ikkje uansvarleg

Dagleg leiar i Hugo tivoli, Hugo Johansen, har snakka med sjåføren av bilen. Johansen fortel at bilane vart godkjente på EU-kontroll i august, og at tivoliet nyleg har skifta bremseband på tilhengaren

– Bremsebanda må justerast manuelt når dei er nye, slik at dei riktig avstand frå trommelen. Det kan vere dei er feiljustert. Ei automatisk justering vil gjere at dei justerer seg riktig, seier Johansen.

Han legg til:

– Når sjåføren bremsa, var eit av banda ikkje justert 100 prosent. Men bremsene fungerte heile vegen, seier sjåføren til meg. Dette har ikkje noko med ansvarsløyse å gjere. Det er ingen dramatikk. No skal dei teste for å sjå om det er i orden.

OPPDATERING 20.30: Politiet opplyser måndag kveld at bremsene vart reparert på staden. Føraren fekk køyre vidare til Skei medan politiet observerte og kontrollerte at det ikkje var meir varmgang i hjulet.

Politikontroll Vassenden
Foto: Sogn og Fjordane / NRK
Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.