Hopp til innhold

Biljuks passar Hydro midt i blinken

At Volkswagen-bilar har langt meir utslepp enn dei har gjeve uttrykk for, er gode nyhende for aluminiumsprodusenten Hydro, også lokalt her i fylket.

Hydro Årdal - fabrikksjef Egil Fredriksen

TRUR PÅ VEKST: Fabrikksjef ved Hydro i Årdal, Egil Fredriksen, seier situasjonen passar dei perfekt i og med at dei nyleg har starta satsing mot bilindustrien.

Foto: Noralv Pedersen/Tony Hall / NRK/Hydro

Fabrikksjef ved Hydro i Årdal, Egil Fredriksen, trur dette kan føre til auka aktivitet på fabrikkane både i Årdal og Høyanger.

– Det er ikkje så overraskande at det blir slik, for dei skal jo ned på eit utsleppsnivå utan juks. Og eitt av dei gode verkemidla er å erstatte stål og kopar med aluminium. Det gjer at vekta på bilen går ganske mykje ned, seier han.

Har investert stort

Volkswagen er under etterforsking i mange land for å ha brukt utstyr som gir eit feil bilete av utsleppa frå 11 millionar dieselbilar. Det var Adresseavisen som først melde om at Hydro kan tene store pengar på Volkswagen-jukset.

Hydro ser føre seg eit løft for bransjen og ventar at etterspurnaden etter aluminium aukar opp mot 40 prosent på fem år.

– Begge verka i Sogn, både i Årdal og Høyanger, har investert 80 til 90 millionar kroner i støyperia for nettopp å satse på bilindustrien. Så for oss passar dette utmerka med den strategien som vi har lagt og som vi er i ferd med å gjennomføre, seier Fredriksen.

Får vekst i nytt satsingsområde

I støyperia vert metallet tilpassa til å passe inn i bilar. Hydro er allereie godt i gang med å leggje om drifta. Både grunna vekst i bilindustrien og auka konkurranse på dei tradisjonelle produkta, har Hydro endra kurs.

– På dei tradisjonelle produkta vert vi utkonkurrert frå Kina og Midtausten. Det er mykje vanskelegare å produsere til bilindustrien, men der har vi eit fortrinn i høve til konkurrentane våre, så dette er gode nyhende for oss, seier fabrikksjefen i Årdal.