Hopp til innhold

Bilistar tok seg gjennom rasområde

I minutta etter at steinane dundra i vegbana, tok bilistar seg gjennom rasområdet. – Dette er ikkje bra, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Steinsprang i Vågsøy

STENGT: Fylkesveg 617 er stengd i Vågsøy etter steinsprang ved Skåratunnelen.

Foto: Bjarne Eldevik

Statens vegvesen opplyser klokka 18 at fylkesveg 617 i Vågsøy blir ikkje opna att i dag.

Ein geolog med to fjellklatrarar er venta til Vågsøy like over klokka 17 for å ta steinspranget mellom Måløy og Raudeberg i nærare augesyn.

Like etter at fire-fem større steinar dundra ned på fylkesveg 617 gav bilistar blaffen i rasfaren og køyrde gangvegen gjennom rasområde.

– Vi hadde tilsvarande situasjon ut mot Florø i førre veke. Då var det eit hendingsgang til eit større steinras som kom etterpå. Det kan det også ha vore her, seier Lars Erik Karlsen hos Statens vegvesen.

– Må vere varsame

Steinraset prosjektleiaren sikta til skjedde seint på kvelden tysdag 27. august. Vegen var stengd i nær eitt døgn.

Også då kom det først nokre få steinblokker ned på vegen. Seinare på natta kom det eit større steinras. To døgn seinare kom det ned ein ny stein, og då reagerte politiet på at mange ignorerte sperringar frå privatpersonar.

– Vi må vere trygge på sleppområdet før vi kan opne vegen. Folk må vere varsame for nedfall, seier Karlsen.

Har sett opp båtrute

Det er førebels uvisst kor lenge vegen mellom Måløy og Raudeberg blir stengd. Det er sett opp båtrute for passasjerar med avgang Måløy klokka 17, 17.30 og 18. Returen frå Raudeberg går klokka 17.15, 17.45 og 18.15.

Geologen som no skal synfare sleppunktet frå helikopter har med seg to fjellklatrarar i tilfelle det ligg lause steinar i fjellsida.

– Vi håpar sleppområdet er reint og trygt og at det ikkje har forverra seg i fjellformasjonane rundt sleppområdet. I motsett fall, dersom han føler det må gjerast tiltak så kan det ta tid, seier Karlsen.

Saka blir oppdatert.