Hopp til innhold

Slik gamblar bilistane med tusenlappar - og tryggleiken

Tysdag ettermiddag vart ein bilist meldt for å ha køyrt på raudt lys ved eit anleggsområde på riksveg 5. Det kunne nok vore langt fleire ...

Anleggsområde ved Mo i Førde

ILLUSTRASJON: Det er ikkje alle bilistar som respekterer raude lys ved anleggsområde.

Foto: Privat

Tidspress, gjerne fordi ein skal nå ferje, gjer at fleire bilistar gir blaffen i raude lys ved eitt av dei mange vegarbeidsområda i fylket.

Men det kan koste deg dyrt. 5 200 kroner for å vere nøyaktig.

– Vi har fått nokre rapportar frå entreprenørane at det er bilar som køyrer på raudt lys, og skaper farlege situasjonar. Det kan vere farleg å køyre på raudt lys, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden hos Statens vegvesen.

– Respekter lysa

Det var ein politipatrulje på anna oppdrag som observerte og stogga bilisten som tysdag vart meldt for å ha køyrt på raudt lys mellom Førde og Naustdal. Då bilisten ikkje aksepterte førelegget, blir forholdet meldt.

Svenn Egil Finden

RESPEKTER: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden oppmodar bilistane om respektere lysregulerte anleggsområda.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Avdelingsdirektøren i Statens vegvesen oppmodar alle om å respektere dei raude lysa. Dei er der for ein grunn.

Mellom anna på grunn av pågåande arbeid, eller fordi vegen ikkje er brei nok for møtande trafikk.

– Ein skaper farlege situasjonar for dei som jobbar der, medtrafikantar, men også for seg sjølv, seier Finden.

Mange om natta

Finden trur det er langt fleire som ikkje respekterer raude lys, enn det dei får nyss om. Spesielt på kveld- og nattetid når det til dømes ikkje går føre seg arbeid i anleggsområdet.

– Ein trur gjerne at ein er åleine om natta og kanskje ikkje ser nokon, men det kan vere syklistar som ikkje ventar å møte trafikk fordi dei sykla på grønt. Kveld- og nattetid er det også fare for enkelte held høgare fart enn det som er tillate i anleggsområde, seier Finden.

– Har de fått melding om farlege situasjonar?

– Ja, vi får tilbakemeldingar frå både entreprenørar og andre trafikantar. Folk som møter bilar på tidspunkt ikkje skal og på stadar der det er vanskeleg med passering.