Hopp til innhold

Bilistar køyrde gjennom rasområde

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ferjekaptein Kjetil Sætre er sjokkert over at bilistar køyrde gjennom eit rasområde i morgontimane.

E39 var stengd ved Lotetunnelen i fleire timar etter eit snøskred sperra vegen. Det var også fare for nye skred.

Kaptein Kjetil Sætre på bilferja «MF Lote» seier at bilistane trassa ferjemannskapet si åtvaring.

– Vi fekk melding like før klokka fem om at vegen var stengd. På den første avgangen frå Anda hadde vi med fem trailerar og to varebilar. Fire av trailerane og dei to varebilane køyrde gjennom området likevel.

Han seier det tok ei stund før det blei sett på fysisk sperring på Lote-sida.

– Det blei sett på ei sperring lenger nede i Lotsberget, men likevel var det fleire bilar som køyrde forbi her.

– Kva tenkjer du om at bilistar køyrder gjennom rasområdet?

– Eg har ikkje sett korleis det ser ut, men det verkar litt vågalt, seier han.

E39 blei opna for fri ferdsel like før klokka 08:00.