Hopp til innhold

Bilistane køyrde på raudt – vil bli meldt til politiet

Bilistane gav blaffen i det raude lyset då Bergdalstunnelen i Aurland tidlegare i dag vart stengt etter at ei steinblokk rasa ned frå taket.

Køyrer i stengt tunnel

KØYRER PÅ RAUDT: Bergdalstunnelen er no stengt til det blir undersøkt om det kan kome ned meir stein frå taket.

Foto: Arne Veum / NRK

Rune Dvergsdal, byggjeleiar i Statens vegvesen, seier dei vil politimelde ein av bilistane dei tok på fersken.

Vi er plaga litt med at bilistane køyrer på raudt lys. No var det ein stein som hadde falle ned, men det kan jo komme meir. Å køyre på raudt lys er alvorleg, seier han.

Stein fall ned frå taket i Bergdalstunnelen

FARLEG: Steinen som rasa ned veg om lag 50 kilo.

Foto: Arne Veum / NRK

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen trur fleire følgjer med i rekkja når først ein bil tek sjansen på å køyre igjennom tunnelen.

– Det er bubilar, bussar og personbilar. Mange av dei er utlendingar, men det viser at respekten til det raude lyset ikkje er stor, seier han.

Like etter klokka ti rasa ei steinblokk ned i vegbana inne i Bergdalstunnelen på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland. Ingen personar kom til skade, men tunnelen var stengt til det vart sjekka om det kunne kome ned meir stein frå taket.

Reidar Dvergsdal, Statens Vegvesen

BLIR MELDT: Rune Dvergsdal seier dei vil politimelde bilistar som køyrer på raudt.

Foto: Arne Veum / NRK

– Som bilist veit du ikkje kvifor det lyser raudt og du veit ikkje kva som vil møte deg om du køyrer inn. Er det ein kollisjon kan det raskt utvikle seg brann, og då er det ikkje lett å få snudd i ein tunnel, seier Erikstad.

Steinen som fall ned veg om lag femti kilo.

Berdalstunnelen