Hopp til innhold

Sjekk sykkel-smoothien

For alle dei heldige som sykla eller gjekk til jobb i Førde, var det gratis frukost ved rådhuset. Mindre bil og meir bein er målet.

Sykkel-smoothie under bilfri dag. Den årlege kampanjeveka set fokus på miljøvenleg transport, og temaet er «Våre gater, vårt val!» Måndag markerte Naturvernforbundet, Miljøgruppa i Førde Kyrkje, Førde kommune og mange fleire punktum for veka, med «bilfri dag».

Og ei som verkeleg fekk teste det på ein litt spesiell måte, var Hildegunn Aamot Dahl. Ho sykla seg sin eigen smoothie måndag morgon.

– Det skal spanande å sjå korleis denne blir. Dette har eg aldri gjort før!

Markerte slutten på miljøveke

Den årlege kampanjeveka set fokus på miljøvenleg transport, og temaet er «Våre gater, vårt val!» Måndag markerte Naturvernforbundet, Miljøgruppa i Førde Kyrkje, Førde kommune og mange fleire punktum for veka, med «bilfri dag». Det er Aamot Dahl glad for.

– Eg tykkjer veldig mange fleire burde gå til jobben, for dei bur så nære. Men eg skjønar jo at mange har det travelt med tidsklemma og ungar som skal leverast. Men kan dei gå, bør dei gå.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Foto: Eli Eikenæs Vengen.

– Vi er generelt for dårlege

Den siste veka har det vore fokus på miljøvennleg transport, og i Førde har det vore alt frå rebussykling til kåring av den kulaste sykkelen.

– Vi vil ha eit miljøfokus og vi vil vere med å markere bilfri dag. Vi serverer god mat til frukost og har fokus på at ein kan la bilen stå. Det er viktig, og då er vi med, seier fylkesleiar i 4H i Sogn og Fjordane, Åge Avedal.

Dei frammøtte kunne nyte smoothie frå sykkel, bålkaffi, og pizzasnurrar og svele.

– Eg trur det er veldig viktig at vi set fokus på bilfri dag i Førde og Sogn og Fjordane. Vi er generelt dårlege i Førde, og kanskje også andre stader, på å la bilen stå, seier Avedal.

– Politikarane må skunde på

Men Avedal seier at dette ikkje berre er folk flest sitt ansvar, men også politikarane.

– For å tenke meir miljø, treng vi også betre sykkelvegar og gangvegar. Det kjenner eg på når eg skal til jobben og må krysse E39 tre, fire gonger. Dei kunne gjerne skunda på, seier Avedal.

Arve Seger representerer kommunen, og er prosjektleiar for sykkelstiane. Han tykkjer dei er vanskeleg å seie kvifor ikkje fleire vel vekk bilen.

– Men dette er den store utfordringa vi må ta tak i. Det sit mellom øyro. Det er sannsynlegvis ein større og vanskelegare prosess enn å byggje sykkelvegar. Men vi får jobbe med det, seier Seger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilfri dag Førde
Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

God smoothie

Hanne Schnitler har fått god respons på svelene ho og Miljøgruppa i Førde kyrkje serverte. Men ho er glad for at dagen ikkje berre vert kos. Ei samtale mellom to unge jenter som diskuterte klimautfordringar gleder endå meir.

– Det er kjekt å høyre på dei som forstår dei store linene. Dette er ikkje berre for å ha ei kjekk veke i Førde. Det handlar om klima og miljø; det handlar om framtida til borna, seier Schnitler.

På veg til jobben vart det uansett kos for Hildegunn Aamot Dahl.

– Det smakar heilt perfekt! Veldig bra, seier ho etter å ha smaka på smoothien.

– Kanskje eg må byrje å lage smoothie om morgonen, men då må eg få meg ein slik sykkel med blendarstativ bakpå, ler ho, framleis litt andpusten etter sykkelturen.